|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gaular: Kampen for vern av GaulaTidleg på 1960-talet starta Sogn og Fjordane fylke ved Sogn og Fjordane Energi AS planlegging av full utbygging av Gaularvassdraget. Planane tok sikte på regulering av alle falla heilt frå
høgfjellet under Jostedalsbreen til og med Osfossen ved fjorden. Publisert 26.04.2002 15:45. Oppdatert 16.05.2002 11:38.LYD OG VIDEO
Dette utløyste ein av dei største og hardaste stridane kring vassdragsvern i Noreg nokon sinne. Motstandarane organiserte seg i Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1971.
| Ottar Hov. |
Dei som gjorde opptaket til Informasjonskomiteen var Trygve Mjell frå Sande, Ottar Hov frå Eldalsdalen, Per Kjelstad frå Haukedalen og Torodd Fagerheim frå Dale. Per Kjelstad vart vald til første formann, men då det etter kvart viste seg at Kjelstad støtta ei moderat utbygging, vart han skifta ut med Trygve Mjell.
Informasjonskomiteen sette m.a. opp godt synlege verneplakatar langs heile vassdraget, og dreiv intens lobbyverksemd på alle politiske nivå. I Gaular organiserte Informasjonskomiteen eiga "verneliste" ved kommunevalet, og fekk ei stor gruppe i kommunestyret.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|