Førre side:
·
Kjende personar i Gaular fødde før år 1850
(1851-1932) frå Døskeland. Bonde og Høgre-politikar.
(1853-1930) frå Hetle. Bonde.
(1854-1897) frå Viksdalen. Lærar og bladutgjevar.
Cornelius Nielsen
(1855–1944) frå Gaular. Entreprenør. Vart såra under eit bombeåtak mot den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944 og døydde den 8. oktober 1944.
(1868-1954) frå Tjønneland, busett i Bergen. Murar, fagforeningsmann og Arbeidarparti-politikar.
(1870-1906) frå Hetle. Bonde. Vart i 1906 funnen død ved Hetle-støylen.
Nikolai Vindheim
(1871–1945) frå Viksdalen, busett i Bergen. Murar. Skadd då tyskarane sprengde bombeskadde hus i Laksevåg den 23. august 1945 og døydde av skadene den 25. august 1945.
(1872-1964) frå Hjelmeland. Likningssekretær, lokalhistorikar og politikar.
(1873-1955) frå Oslo, busett i Bygstad, seinare Voss. Distriktslege og fossekjøpar.
(1874–1942) frå Eimhjellen i Hyen, busett i Naustdal og Bygstad. Lærar og ungdomslagsmann.
Brita Lien
(1875-1965) frå Bygstad. Sterkt engasjert i fråhaldsrørsla. Gav i 1920 ut songbok med eigne songar.
Rognald Mikalson Hestebeit
(1878-1977) frå Hestebeit i Viksdalen. Bonde, emissær og Venstre-politikar. Reiste frå 1914 som emissær for Norsk Luthersk Kinamisjonsforbund. Medlem av kommunestyre og skulestyre i fleire år frå 1910. Vararepresentant til Stortinget 1937 - 1945.
Fredrik Mikal Hjelmeland
(1879-1968) frå Hjelmeland. Bonde. Utvandra 1901 til Amerika, men returnerte i 1910 og tok over garden, der han bygde ein av dei første siloane i Sogn og Fjordane i 1926. Far til entreprenørane Gunnar, Andreas, Finn og Fritz Hjelmeland (sjå:
Forretningsfamilien Hjelmeland).
Petter Søgnen
(1879–1944) frå Gaular, busett i Bergen. Lagerarbeidar. Omkom under den store eksplosjonsulukka på Vågen i Bergen den 20.april 1944, då trålaren ”Voorbode” med 120 tonn dynamitt eksploderte ved Festningskaien.
Isak Kolbeinson Lyngstad
(1881-1965) frå Lyngstad. Bonde og anleggsarbeidar under utbygginga av Høyanger i 1916. Isak var uvanleg sterk og seig, og arbeidde på Høyanger-anlegga som bærar. Ein gong bar han ei kasse på 80 kilo opp til Grimsosen i 578 meter høgde over bygda utan å kvile seg undervegs. I tillegg bar han eit spann med spekesild i neven.
|
Mathias M. Raaheim |
Mathias M. Raaheim
(1881–1967) frå Råheimsdalen. Bonde, offiser og politikar. Medlem av kommunestyret frå 1907, ordførar 1925–1947 med unntak av krigsåra.
Magnhild Hole
(1886-1961) busett Bygstad. Lærar og politikar. Kom til Bygstad som lærar i 1921, og skula til 1951. Som pensjonist engasjerte ho seg i lokalpolitikken, og vart den første kvinna i Gaular kommunestyre i 1951. Ho var medlem av kommunestyret til 1959, og sat også i skulestyret.
(1886–1962) frå Åse. Vegoppsynsmann og oppfinnar
(1887-1968) frå Hetle, utflytt 1914 til Bergen.
Henrik Andreas Rørstad
(1889-1918) frå Rørstad. Emigrerte 1910 til Amerika, der han som så mange andre innvandrarar vart mobilisert til krig i 1914. Han fall i Frankrike, og er gravlagd i heimbygda.
(1890-1975) frå Brekke, busett i Bergen. Snekkar og kommunistleiar.
(1890-1963) frå Hetle.
Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland
(1895-1984). Lærar og misjonskvinne. Bygde for eigne midlar bedehus på Hjelmeland, innvigd 1940. Ho var lærar på Hjelmeland skule og seinare på sentralskulen i Bygstad.
Knut Tjønneland
(1895–1966) frå Gaular. Lærar og tillitsmann i Det Norske Totalavholdsselskap. Tildelt deira høgste utmerking, Kloster-medaljen.
Karl Nikolai Vindheim
(1896-1961) frå Øvre Kjelstad. Bonde, målar og handverkar som dreiv som rosemålar og produserte husflidvarer, leikety og smågjenstandar i ein verkstad som han bygde på garden. Karl heldt også målarkurs.
Olav Døskeland
(1897-1985) frå Døskeland. Bonde og politikar. Var ordførar i Gaular frå 1952 til 1968. Son til
Ole R. Døskeland.