SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane

Den vakre og godlynte fjordhesten har opphavet sitt på Vestlandet, men er no utbreidd over store deler av verda som ein populær sportshest.

Publisert 21.05.2002 10:33. Oppdatert 11.02.2003 11:33.
Sjølv om den lyse hesten i dag er eit av Noregs kjende "varemerke" i utlandet, så var rasen på 1970-talet truga av utrydding fordi traktoren hadde erstatta den som arbeidshest i jordbruket. Takka vere stor innsats – ikkje minst frå fylkesagronom Jon Hegdal og statskonsulent Arve Rolstad - vart hesterasen berga. Med planmessig avl vart hesterasen bygd om til ein lettare sportshest som har vorte populær over heile verda. Både i Danmark og Nederland er det i dag fleire fjordhestar enn i opphavslandet Noreg.

Men fjordhesten har stått i sentrum for kvasse stridar tidlegare òg, då statsstyrd avlspolitikk heldt på å ta knekken på rasen.

Fjordhesten - Vestlandshesten.

Kjerneområdet for fjordhesten var frå gamalt av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, men både på Austlandet og i Nord-Noreg var han kjend i eldre tider. Austlendingane kalla hesterasen for "nordfjording".

Stamherrane på Rosendal Baroni i Hardanger har mykje av æra for at fjordhestrasen vart teken vare på. På baroniet stod det alltid to avlshingstar som bøndene kunne nytte for ein billeg penge. Ein av dei legendariske stamfedrane som stod oppstalla der, var Rosendalsborken, som vart mykje brukt i avlen på 1860-1870-talet.

Brune fjordhestar

Fjordhesten slik vi kjenner den i dag – med sin blakke farge, kvit-svart man og svart stripe etter ryggen – vart reinavla av fjordhestentusiastar i Nordfjord og på Sunnmøre tidleg på 1900-talet. Før den tid kunne fjordhestar vere mørkebrune og sterkt oppblanda med dølahest. Årsaka til dette var ynskjet om ein større og tyngre arbeidshest til å dra maskinene som kom inn i jordbruket i siste halvdel av 1800-talet. Noko av denne utviklinga skuldast nok at mange gav blaffen i rasepreg og farge, berre hesten var sterk og seig nok. Men utvatninga av rasen var også resultatet av ein planlagt avlspolitikk.

Hesteavlen vert organsiert

I 1854 vart den svenske veterinæren og agronomen Johan Lindequist tilsett som den første husdyragronomen i Noreg. Han tok initiativet til dei første husdyrutstillingane, og var særleg oppteken av å skape ein sterk og allsidig norsk arbeidshest. I Gudbrandsdalen vart det starta hesteavlssetrar der berre godkjende hingstar skulle brukast på hoppene.

I 1861 tok Lindequist fatt på Vestlandet. Han søkte etter høvelege avlshingstar, men fann ingen som han likte.
For å skape ein tyngre og sterkare vestlandshest, kjøpte difor Lindequist inn fire dølahingstar som vart sette inn som avlshingstar vestpå. Dei fire hingstane vart plasserte på Voss, i Hardanger, Vik og Førde. Seinare vart hingsten i Hardanger flytta til Sunnylven på Sunnmøre.

Harald Viking vart plassert i Vik og vart brukt i avlen i åtte år. Batalden stod i avlen i Førde frå 1861 til 1865, og vart deretter flytta til Fana.

Kryssingsavl – eit trugsmål

Bøndene la i desse åra om frå gamle driftsmåtar til moderne stålreidskapar som sleperive, plogar med stor veltefjøl, hyppereidskapar og slåmaskin. Mange tykte difor vel om Lindequist sine idear om ein sterk og tung blandingshest med dølapreg. Men denne blandingsavlen kunne ha vorte endelykta for rasen, dersom ikkje nokre fjordhestentusiastar i Nordfjord og på Sunnmøre slo seg saman og starta eit opprør mot det som hende.

Dølahest i Sogn

Men før vi ser nærare på kampen for ein reinrasa fjordhest, må vi innom utviklinga i indre Sogn, der dølahingsten vart dominerande rase frå midten av 1800-talet.

Gjennombrotet kom med ei utstilling for dølahest på Lærdalsøyri i 1855 (sjå Lærdal kommune). Dei indre Sogne-bygdene fekk jamvel autorisasjon som dølahestområde då fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane i 1861 vedtok at indre Sogn og vestover til og med Vik kommune skulle vere "dølahestland".

At grensa for dølahesten vart trekt så langt vest, hadde truleg samanheng med at også vikjene dreiv mykje handel med hest austover. Og kundane på Austlandet ynskte tyngre og storvaksne hestar. At Vik kom med i dølahestsona, kan også ha samanheng med at ein av dei omstridde dølahingstane som vart brukt i avlen, Harald Viking, vart oppstalla i Vik.

Pionerar i Vik

Vik kom elles til å bli eit viktig senter for hesteavl på slutten av 1800-talet, ikkje minst takka vere oberst Christen Christensen. Han var opphaveleg fjordhestentusiast, og fekk skipa fjordhestlag i Vik så tidleg som i 1869. Men laget var svært uheldig med første avlshingsten som dei fekk frå Møre. Den fekk avkom med kvite auge og mange andre lyte.

Oberst Christensen var forøvrig leiar i fylkeslandsbruksstyret då dei i 1861 delte fylket inn i soner for fjordhest og dølahest. I 1873 stod oberst Christensen i brodden for skiping av det første hesteavlslaget i fylket – Vik Hingstebolag. Dette laget avla på dølahest. Avlsdyra kjøpte dei på Austlandet, og Vik fekk ord på seg for å vere ei av dei beste hesteavlsbygder på Vestlandet. I 1888 vart det første unghestsjået i fylket halde i Vik.

Sognedølen – eit stridsemne

Resultatet av blandingsavlen slo for indre Sogn sitt vedkomande ut i ein lettare dølahest enn den som var vanleg på Austlandet. Denne hestetypen fekk nemninga sognedølen.

I 1922 vart det strid om sognedølen. Jens Nordang var tilsett som statskonsulent på Vestlandet. Han likte ikkje at indresogningane dreiv med dølahest. Heile fylket skulle vere reint fjordhestfylke, meinte Nordang. For å presse sognedølen ut, nekta han å premiere dyr av denne typen når dei vart stilte på statssjået i Lærdal. Sognebøndene mobiliserte for hesten sin, og på eit stort møte i Lærdal i 1924 fekk Svein Aase stor tilslutnad til at ein framleis skulle avle sognedøler av den lette typen. Motstanden mot Nordang-lina gjorde at hestefolket boikotta utstillinga i Lærdal, som vart avlyst både i 1926, 1927 og 1928. Først då
Lærdalsutstillinga vart teken bort frå Nordang og lagt under statskonsulenten for dølahest i Sør-Noreg, kom ho i gang att i 1929.

Vestland - fjordhestland

Utanom indre Sogn har fjordhesten vore den totalt dominerande hesterasen i resten av Sogn og Fjordane. Dei fleste meinte at den lettbeinte fjordingen høvde mykje betre enn dølahesten på små og brattlendte vestlandsbruk. I staden for å skifte til tunge dølahestar då maskinene kom, valde heller vestlandsbøndene å avle fjordhesten noko tyngre og kraftigare.

Første utstillinga for fjordhest vart halden i Førde i 1864.
Men avlen med dølahestane som starta i 1861, kunne ha utrydda rasen, dersom ikkje blandingsavlen hadde vorte stoppa i tide. Motstanden mot Lindequist sitt eksperiment auka, og i 1875 kjøpte staten inn dei første to hingstane av fjordrase, Tor 21 og Baron 22. Men den reine fjordhestrasen kom ikkje retteleg fram før Njål vart sett i inn avlen.

Rimfaksestriden

I 1892 hende det noko som fekk sette sinna i kok i fjordhestmiljøet: Då vart den tre år gamle hingsten Rimfakse kjøpt på Vossestrand og sett i avl i tjukkaste fjordhestland – på Breim. Det var ein relativt småbygd, men uvanleg vakker hingst – raud med kvit man og hale, og sterk, kvit hårvekst på føtene. Men slektskapet kunne ikkje Rimfakse nekte for: Den var full av dølablod etter avlslinene som Lindequist ein gong fekk spreidd på Vestlandet.

Men mange likte det dei såg på den vakre hingsten, og brukte Rimfakse flittig i avlen. Men "fjorhestfundamentalistane" i Nordfjord såg raudt. Avisene var fulle av harde utfall mot Rimfakse, og i 1907 mobiliserte dei 400 hestekarar til eit stormøte på spinnerisalen i Indviken Uldvarefabrikk.

Midt i skotlina sat statskonsulent K. Teig, som støtta blandingsavlen. Han fekk svi så han skjøna det. Det vart ei beinhard utreisning av Rimfakse-avkom i Nordfjord og på indre Sunnmøre. Alle merke etter dølahest skulle ut av avlen. (sjå Turistskyssinga og Rimfakse-striden)

Matadoren Njål

Redninga for den blakke fjordhesten kom frå stallen til Rasmus Sunde i Stryn. Her stod ein vakker hingst med ekte fjordingpreg. Den heitte Njål og var fødd i 1891. I dag finst det knapt ein fjordhest i heile verda som ikkje kan føre ættelinene sine tilbake til Njål.

Rasmus Sunde kjøpte seinare hingsten Kåre frå ytre Sogn, og avkomet etter dei to hingstane la grunnlaget for fjordhestavlen og reindyrkinga av rasen slik vi kjenner den i dag.

Ein av dei legendariske matadorane var Øyarblakken, som vart brukt i mange år i Nordfjord. Då han etter lang innsats og mett av dagar døydde i 1940, sende formannen i Gloppen Hestavlslag fylgjande telegram til ein
hesteven: "Kongen er avsett Stopp Øyarblakken er død Stopp Kva gjer vi no? Stopp".

Strid om hesteeksport til krigssoner

I 1914 braut fyrste verdskrig ut i Europa. Året etter braut det ut ein "lokal krig" i hestemiljøet i Sogn og Fjordane. Striden stod om det var rett for eit nøytralt land å selje hestar som kunne brukast i krigføringa. Det var Sogn og Fjordane Landbruksselskap og eit dansk selskap som organiserte hesteoppkjøp i stort omfang. Det same skjedde i alle dei skandinaviske landa.

I Sogn og Fjordane vart det skipa til marknad for "krigshestar" på Nordfjordeid, Førde, Marifjøra og Vik. På dei marknadane i Sogn vart det selt 77 hestar i Marifjøra og 30 i Vik.

Mange rekna med at Danmark berre vart ein mellomstasjon for hestane før dei vart vidareselde til den tyske hæren. I sogneavisene braut det ut ein hard debatt om den moralske sida ved krigseksport av hestar. Den som ivra sterkast for denne hesteeksporten, var lensmann og stortingsmann Anfinn Øen frå Hyllestad/Vik. Han var på denne tida formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap.

I 1916 gav Landbruksdepartementet – etter sterkt press frå Øen – løyve til å selje 334 hestar til utlandet. Men no hadde motstanden mot "krigseksporten" vorte så sterk at dei tillyste marknadane vart avlyste.

– Les elles under Stryn kommune om Ola Monson Kleppe frå Utvik (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1800-1850), som tente ei formue i 1870-åra på å selje hest til den fransk-tyske krigen.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no