SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Bremanger:

Frøya kyrkje skapte bygdestrid

Frøya kyrkje i Kalvåg. (Foto: Steinar Lote)
Frøya kyrkje i Kalvåg. (Foto: Steinar Lote)
Frøya kyrkje like aust for Kalvåg vart bygd i 1865. Arkitekt var kunstmålar Anders Askevold, som òg har måla altartavla.

Publisert 21.05.2002 10:45. Oppdatert 09.01.2007 14:33.
(Askevold var også arkitekt og tavlemålar i Askvoll kyrkje i heimbygda si. - sjå "Kyrkjer i Askvoll").

Altartavla frå den gamle Grotle kyrkje frå 1752 er teken vare på i kyrkja. Det første kyrkjetårnet var vaklevore og fekk skade under stormane. I 1933 vart tårnet difor fjerna og bytt ut med eit nytt med større grunnflate og kortare spir.

Strid om kyrkjeflytting

Flyttinga av kyrkjestaden frå Grotle på Bremangerlandet og over til Frøya, nær det aktive fiskeværet Kalvåg, førde til ein bitter bygdestrid i den unge Bremanger kommune: Den første presten som vart sokneprest i Bremanger etter sokne- og kommunedelinga i 1866 var Ulrik F. V. B. Koren. Han hamna midt oppe i striden der folk på Bremangerlandet og på fastlandet heller ville ha to nye kyrkjebygg – eitt på Kjelkenes for fastlandet og eitt på Bremangerlandet for øyfolket – i staden for ei felles kyrkje ved Kalvåg. Striden vart først løyst då fastlandet i 1904 fekk eiga kyrkje på Kjelkenes, og bremangerfolket ei ny kyrkje på Hauge i 1914. Men i lang tid etter fekk bremangerfolket berre lov til å kalle Hauge-kyrkja eit kapell under hovudkyrkja på Frøyalandet: Heilt til 1952, då Hauge vart sjølvstendig soknekyrkje for Bremangerlandet, heitte kyrkja ved Kalvåg ”Bremanger Kyrkje”.

Kamp om kyrkjebenkane

I 1866 hadde to velhaldne menn i Kalvåg, kaieigar Z. Knudsen og A. Hauge, funne ut at dei ville ha eigne kyrkjebenkar for seg og sine. Søknaden fører til mykje rabalder og kjem opp i kommunestyret. Der vert det vedteke at ..." Stolsæderne blive indtil videre frie. Den forlangte stol bliver ikke solgt". Men karane gjev seg ikkje, og i 1867 bøyer kommunestyret litt av med å vedta at ..."Stolsæderne i kirken skal herefter være faste og blir at uddele efter matrikkelskylden". Sjølvaste lensmannen vert formann for ein kommisjon som får det tunge ansvaret å finne ei rettvis fordeling av kyrkjebenkane etter skyld!
Året etter har kommisjonen funne fram til ei ordning, men likevel slik at andre kunne setje seg der når stoleigarane sjølve ikkje møtte til messe. Ordninga varde berre eitt år. Då måtte kaksane gje opp stolprivilegia sine i Frøya-kyrkja og sleppe andre til i benkane sine.



MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no