SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Balestrand

Motiv frå Balestrand med rådhuset til venstre i biletet. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Motiv frå Balestrand med rådhuset til venstre i biletet. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Balestrand kommune vart skipa i 1849 ved at bygdelaga kring Fjærlandsfjorden, Balestrand og Vangsnes vart skilde ut frå Leikanger som eige prestegjeld.

Publisert 22.05.2002 14:34. Oppdatert 27.10.2006 13:49.
Dei tre kyrkjesokna som deretter høyrde under presten i Balestrand, var Fjærland, Tjugum (med grense vest for Flesje) og Vangsnes, og dette vart den nye soknekommunen - eller kommunen.

Nynorsk

Balestrand kommune tok i bruk nynorsk som administrasjonsmål i 1923. Elles var folk frå Kvamsøy sterkt engasjerte i den harde målstriden som gjekk føre seg i Vik kommune kring 1900 (sjå "Historia i Vik").

Regulering i 1964

Fram til den store kommunereguleringa i 1964, høyrde bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes til Vik kommune, medan Vangsnes på sørsida av fjorden høyrde til Balestrand. På austsida av Fjærlandsfjorden høyrde også grendene til og med Eitorn i aust inn under Balestrand kommune.
Ved kommunereguleringa i 1964 vart grensene ordna "etter fjorden", slik at Vangsnes gjekk til Vik. Balestrand fekk overført bygdene vestover til og med Lånefjorden frå Vik, medan grendene frå Hella og innover mot Eitorn på austsida av Fjærlandsfjorden - med unntak av ein liten "snipp" ved Tenningen nord for Hella - gjekk til Leikanger.

Rådhus bygt i 1967

Frå 1920 og fram til kommunen bygde rådhus i slutten av 1960-åra, heldt kommuneadministrasjonen til i det tidlegare Hotell Balestrand, som sparebanken hadde kjøpt. Frå 1947 til 1967 heldt kommunekontora til i huset til Svanhild Grøneng. I 1967 vart rådhuset bygd. Fleire offentlege og kommunale kontor har sidan 1988 hatt tilhald i Handelshuset Holmatunet.

Fjærland fråskild

I 2000 vart Fjærland skild frå Balestrand og lagt til Sogndal kommune.

Balestrand kommune grensar i dag mot Høyanger ved Høyangertunnelen, mot Gaular kommune på Gaularfjellet, mot Førde på Jostefonn, og mot Sogndal og Leikanger kommunar i Fjærlandsfjorden.

Balestrand samarbeider med Høyanger kommune, m.a. om felles jord- og skogbruksforvalting.

Politisk leiing:
· Ordførarar i Balestrand kommune


Holmen er kommunesenter i Balestrand kommune. (Foto: Asle Veien, NRK)

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no