Første båten var "Thorsnes I", ferdig 1917. Den vart først seld til Bergen, men kjøpt tilbake og brukt nokre år til fraktfart av Thorsnes-karane.
På polferd
"Thorsnes I" vart seinare kjøpt av polfararen Hjalmar Riiser Larsen og brukt til ein ekspedisjon mot Franz Josefs land aust for Svalbard i 1929. Tanken var å annektere øya for Noreg før russarane nådde dit. Men "Thorsnes I" vart stogga av pakkisen og måtte gje opp. Seinare nådde russarane øya med isbrytaren "Georgi Sedov" og annekterte den som russisk.
|
Ein isbjørn blir heisa ombord i polarskuta. Privat foto utlånt av Oddrun Thorsnes. |
Norvegia-ekspedisjonen
Olav E. Torsnes vart seinare med Hjalmar Riiser Larsen på tokt til Antarktis med ishavsskuta "Norvegia". Toktet starta i 1929 og varde i to år. På Antarktis-ekspedisjonen vart Dronnings Mauds land annektert som norsk territorium.
Andre båtar
Båtbyggjeriet bygde ein lekter i 1917, og ein motorkuttar i 1918 som vart brukt som slepebåt for den store sognejekta "Havfruen av Sogn".
|
Første motorbåten som vart bygd på Torsnes. Biletet er frå 1916. (Foto © Fylkesarkivet) |
I 1933 vart "Thorsnes" på 70 fot bygd på den vesle beddingen. Etter nokre år i fraktfart, vart den sett inn som den første ferga mellom Vetlefjorden og Grinde då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938. "Thorsnes" gjekk i rute for Fylkesbaatane fram til 1968, m.a. i rute Balestrand-Lærdal-Flåm.