|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Balestrand: Telefon i BalestrandBalestrand kan takke turisttafikken for at dei fekk telegraf og telefon tidleg. Publisert 27.05.2002 15:11. Oppdatert 07.02.2007 13:17.Tidleg telefonsamband til BalestrandDen aukande turistferdsla med utanlandske gjestar som kravde samband til heimlandet, gjorde at Balestrand relativt tidleg fekk installert rikstelefon og ”turisttelegraf”.
Telefonlina Lærdal-Amla-Sogndal-Leikanger-Balestrand vart bygd frå 1895 til 1897, då rikstelefonen i Holmen opna. Maria Sande var første telefonstyrar. Samstundes kom telegrafen. Heilt fram til 2. verdskrig vart telegrafen frå Balestrand berre operert i turisttida om sommaren, medan telefonen var heilårsbetjent. Balestrand vart automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1979.
Kvamsøyfekk rikstelefon i 1899. Kvamsøy-stasjonen vart automatisert og lagt under Balestrand i 1962, og knytt til fjernvalnettet samstundes med Balestrand i 1979.
Vetlefjorden og Sværefjordenfekk rikstelefon i 1902. Vetlefjorden stasjon brann i 1903, men vart erstatta med ny året etter. I 1902 vart det også telefonsamband over Gaularfjellet til Sunnfjord. Vetlefjorden og Sværefjorden var automatiserte i 1971 og knytte til fjernvalnettet i 1979.
Lindanefekk rikstelefon i 1922 med Olav Linde som styrar. Då det i 1922 braut ut smittsam sjukdom i huset til Linde vart alt utstyr på stasjonen skifta ut.
Nessaneog Ytre Kvamsøy fekk rikstelefon i 1922. Stasjonen vart automatisert i 1976 og knytt til fjernvalnettet i 1979.
Lånefjordenfekk rikstelefon i 1924. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overført til Nessane i 1979.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|