SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Futegarden Askelund

Hovudinngangen på futegarden Askelund kring år 1900. I døropninga står Hans Bonnevie Angell og kona Petra Nathalie. Til høgre for dei står bonde Ola Johannesson Sjøtun (1830-1915). (Foto © Fylkesarkivet)
Hovudinngangen på futegarden Askelund kring år 1900. I døropninga står Hans Bonnevie Angell og kona Petra Nathalie. Til høgre for dei står bonde Ola Johannesson Sjøtun (1830-1915). (Foto © Fylkesarkivet)
Omlag ein kilometer vest for Balestrand sentrum ligg den gamle futegarden Askelund. Den store trebygningen er rekna som ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet. Huset har sidan det vart bygd i 1790 hatt ei vekslande og fargerik historie:

Publisert 28.05.2002 10:14. Oppdatert 17.09.2002 12:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Om futegarden og Harald U. Sverdrup [WM]  - Historikar Johs. B. Thue fortel i samtale med Ottar Starheim om sosietetslivet i Balestrand, futengarden Askelund og om skiparen av Fylkesbaatane, Harald Ulrik Sverdrup.
Askelund er ein av dei vakraste embetsmannsgardane i landet. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I 1782 var ein del av garden Fjærestad selt unna til Jørgen Andersson frå Kvamsøy. Denne utskilde garden kjøpte den danskfødde futen Jacob Hegelund i 1790, mot løfte om at den gamle eigaren skulle pakte garden.

Praktfullt hovudhus

Futen kalla eigedomen "Askelund" og bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Futen kalla eigedomen "Askelund" og bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak , eit mindre hus som vart kalla skulehuset, borgstove, stabbur og andre uthus kring tunet. I fjæra bygde han ei etter måten stor bryggje. På same vis som ved andre embetsgardar i fylket, vart det saluttert med kanoner når det var fest eller når det kom gjester til gards. Ein stor fjellstøl med rikt beite høyrde også med til garden.
Meistertjuven Gjest Baardsen skal ha site fengsla i kjellaren på Askelund.

Amtmannen på Askelund

I 1803 selde Hegelund futegarden til etterkomaren sin, futen Rasmus Carl Holck, som igjen selde til amtmann Treschow i 1813. Før han hadde amtmannen i Nordre Bergenhuus Amt (Sogn og Fjordane) lenge budd i Bergen. Men amtmannen vart ikkje sitjande lenge i Balestrand, for i 1814 vart Askelund selt til futen Rasmus Endresen. Han var fut i ytre Sogn frå 1809. Han utvida eigedomen mykje med å slå under seg tre bruk på Bale.

Jorda vert selt unna

Endresen vart avsett i 1837 på grunn av økonomisk rot, og då han døydde i 1841, vart eigedomen først overteken av enkja, som selde vidare til den nye futen Johan Widing Heiberg Landmark i 1846. Landmark fekk selt unna den "tilleggsjorda" som Endresen hadde skaffa på Bale, og fekk Staten til å ta over Askelund. Han gjorde avtale med bønder slik at dei fekk bruke den store fjellstølen i Langedalen, og arbeidde elles for skogreising og betre jordbruk i bygda.

Askelund vert sommar-villa

Etter at futeembeta vart avvikla i 1898, vart Askelund i 1899 seld til sakføraren Hans Bonnevie Angell frå Bergen. Han busette seg ikkje i Balestrand, men dreiv garden med paktar. Bonnevie Angell døydde i 1909, og i 1910 bygde enkja Petra Nathalie (d. 1934) sommarvillaen "Lille Askelund" på eindel av eigedomen, medan garden elles vart seld i 1912 til Ole Lee.
Tyskaren Frantz Reinboth (f. 1881) kjøpte sjølve Askelund -huset i 1912 og dreiv det som hotell. Han hadde tidlegare arbeidd som restauratør i Bergen. Reinboth eigde også ei tid Villa Norlandheim.

Men 1. verdskrig gjorde slutt på hotellet, og Reinboth selde i 1916 til Emanuel Danielsen og Paul Scholz frå Bergen. Begge var velståande forretningsmenn, som nytta Askelund til somarbustad, der dei heldt flotte hageselskap og heldt eigen gartnar. Huset vart freda i 1922.

Askelund vert ungdomsskule

I 1936 vart eigedomen selt til misjonsfolket i Sogn, som starta ungdomsskule i bygningen og bygde klasserom, internat, sløydbygg og gymnastikksal i tillegg.
Eit par år på slutten av 1980-talet vart bygningane nytta til asylmottak, før Sogn Indremisjon i 1997 selde Askelund til Frode og Anita Nyland Høyvik, som m.a. brukar ein del av bygningsmassen som pensjonat og selskapslokale.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no