|
Byggmeister Anders O. Korsvold. (©Fylkesarkivet) |
Arkitekt Jens Zetlitz Kielland. Byggmeister
Anders Korsvold, Eivindvik. Altertavle frå 1897 av
Emma Pastor Normann. Glasmåleria som kransar det runde koret og anna utstyr, er frå byggjeåret eller seinare.
Tindeklatrar fekk bygd kyrkja
Ved inngangsdøra heng portrettmåleri av kvinna som sytte for at kyrkja vart bygd:
Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894). Ho kom som tindeklatrar til Noreg i 1886, og i 1890 vart ho gift med hotelleigar
Knut Kvikne. Før ho døydde av tuberkulose i 1894, fekk ho ektemannen til å love å byggje ei engelsk kyrkje i Balestrand. Med økonomisk hjelp m.a. frå to velståande amerikanske kvinner fekk Knut Kvikne bygd kyrkja.
Engelske prestar
Kyrkja vert i sommartida nytta av den anglikanske kyrkja, og det er prestar frå England som held preika. Dei arbeider gratis i to veker i "skiftet", mot fritt opphald på Kviknes hotell.
Underlagt biskopen av Gibraltar
Engelsk-kyrkja sorterer under biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer.
|
(Foto: Ole Fretheim, NRK) |