|
Cooper-huset hyser Norsk Reiselivsmuseum. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Vestnorsk Reiselivsmuseum vart skipa som stifting i 1988 med m.a. Balestrand kommune og dei fire Vestlands-fylka som skiparar. Sogn og Fjordane fylke ber hovudtyngda av drifta, som i bolkar har slite tungt økonomisk. Dei første åra heitte museet Vestnorsk Reiselivsmuseum, men skifta namn til Norsk Reiselivsmuseum i 2001.
Museet held til i Balestrand, der
Bom Bom-huset og
Cooper-huset og det gamle Kaihuset går inn i samlinga. Dei to første vert leigde, det siste eig museet sjølv.
I museumsbygga har det m.a. vore sal av kunsthandverk, galleri og utstillingar.
I Balestrand sentrum har museet arrangert kulturhistoriske vandringar, og tok i 1996 initiativet til "Kunstbygda Balestrand" som arrangerte fleire utstillingar.
Museet samarbeider med Fylkesarkivet si fotoavdeling om innsamling av foto frå reiselivet, har eit rikhaldig historisk arkiv og bibliotek, og har frå starten gjeve ut bladet "Vestnorsk Reiseliv".
Planar om utviding
|
Foto: Snøhetta |
I 2004 vart det lagt fram planar om eit nytt reiselivsmuseum til 85 millionar kroner i Balestrand. Opphaveleg kom det kjende arkitektfirmaet Snøhetta med framlegg om at muséet skulle
integrerast i høgblokka til Kvikne’s hotell med ein ekstra etasje, men seinare har ein funne fram til ei rimelegare løysing med muséet nede ved kaia.