SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Balestrand:

Handels og industrieventyret på Nessane

Erling Nesse, som starta med handel på Nessane.
Erling Nesse, som starta med handel på Nessane.
Utviklinga av industri- og handelsverksemda til Erling Nesse A/S på Nessane er kan hende ei av dei mest spesielle i heile landet.

Publisert 29.05.2002 12:51. Oppdatert 13.04.2007 10:07.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Forretningseventyret i Nessane [WM]  - Industri- og forretningsgründeren Kåre Nesse fortel til Ottar Starheim om korleis ein landsomfattande verksemd vart skapt frå ei veglaus bygd.
Firmaet bygde på 1950- og 1960-talet opp ei av dei største forretningskjedene i Noreg for jernvarer og landbruksmaskiner, og dreiv stor importforretning.
Og heile tida vart den omfattande verksemda leia frå den vesle, veglause bygda Nessane.
Landbruksmaskinene som Erling Nesse AS selde, kom til å setje sterkt preg på norsk landbruk då det for alvor vart mekanisert og motorisert på 1950-talet.

Frukthandelen til Nesse

Erling Nesse A/S vart starta på Nessane i 1897.

Bucher-traktoren frå Nesse

I 1953 gjorde firmaet ein gullkanta avtale då firmaet fekk omsetninga, og seinare vart importør av Bucher landbruksmaskiner. Dei sveitsiske Bucher motorslåmaskinene vart bygde om av oppfinnsame bønder til allsidige, små "minitraktorar".

Landomfattande handelshus

I 1954 opna Erling Nesse AS filial i Bergen, og etter kvart starta firmaet jernvareforretningar over heile landet. I 1983 hadde konsernet 70 tilsette. I tillegg kom Nesseplast.

Nesseplast

I 1957 starta Kåre Nesse produksjon av garnflottørar i ungdomshuskjellaren på Nessane. Produkta vart etter kvart utvida til fiskekassar etter eigen patent.

Konkurs og ny drift for Nesse

Konsernet gjekk konkurs i 1983 etter store tap på valuta, men Nesse-familien greidde å berge verksemda på Nessane.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no