Dei gamle norske vevteknikkane fekk sin renessanse gjennom vevkursa til
Randi Blehr i Lærdal, og norsk vevkunst hadde ein sentral plass i den nasjonale rørsla på 1800-talet. Mange kvinner som gjekk på vevkurs hos Blehr i Lærdal, starta eigne vevstover for sal til turistane.
To av dei mest sentrale var
Brita Dahle og
Klaudine Skarestad i Fjærland. Klaudine var fødd på Grøneng ved Esefjorden i 1858, men flytta til Skarestad i Fjærland då ho gifta seg. Ho hadde opptil 7 jenter i sving i vevstova si, og hadde m.a. utsal av teppa i Oslo kvart år før jul.
I Balestrand starta Klaudine Skarestad vevstove i samarbeid med syskenborna Anna Bø (1884-1939) og Klaudine Bale (1889-1982). Denne vevstova var i gang før 1. verdskrig, og vart driven fram til 2. verdskrig. Teppa vart selde i Bjørn Sande sin souvenirbutikk (sjå elles
Villa Kringsjå).
32 utsalsstader
I mellomkrigstida var det i alt 32 utsalsstader for vevnad i Balstrand, m.a. hos treskjæraren
Ivar Høyvik og kona Eli. Dottera Astrid Geithus har ført vevtradisjonen vidare.
Også Durdei Ese og dei tre døtrene dreiv vevstove i desse åra. Fleire hadde souvenirbutikk i samband med vevstovene.
Anna Mundal frå Fjærland starta i 1929 vevstove i Balestrand. Ho hadde starta med veving i 1909, og dreiv vevskule med elevar frå England, Amerika og fleire skandinaviske land. Vevstova var i drift i heile mellomkrigstida, og Mundal hadde to jenter til hjelp.