SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Kraftutbygging i Balestrand

Høgspentliner i Vetlefjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Høgspentliner i Vetlefjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Balestrand Kraftlag vart skipa i 1913 og bygde kraftverk i Ese i 1914. Kraftverket forsynte Balestrand-bygda med straum. Ein av initiativtakarane til kraftverket var hotelleigar Knut Kvikne. Kraftstasjonen var i drift til 1957 og vart riven i 1973.

Publisert 30.05.2002 09:30. Oppdatert 16.01.2004 11:29.
På Balholm kom det straum i 1914. (Foto: NRK)
Elles måtte andre bygder i kommunen vente til 1950-åra før dei fekk skikkeleg straumforsyning, først frå Årøykraft, deretter frå Sognekraft.

Fleire småkraftverk

I 1939 vart det bygd eit lite kraftverk i Nessedalselva som forsynte 8 husstandar i Nessane med straum. Trond Linde bygde eit småkraftverk i Lindane kring 1940. I Eikjaelvi i Vetlefjorden vart det bygd kraftverk i 1950. Dette forsynte 22 husstandar i bygda fram til dei kunne kople seg til Sognekraft i 1958. Då fekk også Menes kraftforsyning.

Lånefjorden fekk kraftforsyning i 1952 frå eit lite kraftverk i Vassgrovi.

I Kvamsøy vart det skipa kraftlag i 1944, og i 1956 vart Vetlefjord og Sværefjord kraftlags skipa. Begge desse kraftlaga saman med Balestrand Kraftlag gjekk inn i Sognekraft i 1975. (Sognekraft vart skipa i 1947).

Kraftverkplanar stranda

Etter at dei storefelte planane om regulering av Gaularvassdraget vart lagde til sides og Gaularsamskipnaden havarerte i 1929, freista fylket å dele opp fallrettane og m.a. byggje eit mindre kraftverk på Sognesida av Gaularfjellet - dvs. på Mel i Vetlefjorden.

Problema kring Ålfotselskapet (sjå "Ålfotsaka") gjorde at både kraftverksplanane for Vetlefjordsvassdraget på Mel, Årøy i Sogndal, Henjaelva på Hermansverk og Bøfjordelva i Hyllestad vart lagde på is.

Bygging av Mel kraftverk

På 1980-talet tok Sogn og Fjordane Energiverk fram att planane for kraftverk i Vetlefjorden og vedtok i 1982 å byggje Mel kraftverk, som vart sett i drift i 1989. Kraftverket kosta 500 millionar kroner. Frå kraftverket er det bygd ei sambandsline over fjellet til Skei i Jølster.

Utløpet frå Mel kraftverk i Vetlefjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)

Kommunalt næringsfond

Balestrand kommune fekk m.a. eit næringsfond som vederlag for utbygginga, og Vetlefjorden fekk samfunnshus og lysløype. Eit gamalt sagbruk i elva like ved vart i 1989 sett i stand for å vise korleis vasskrafta vart nytta i eldre tider.

Vassverk ved Skåsheimelvi

Balestrand kommune bygde vassverk for Balestrand ved Skåsheimelvi i 1914, og nytt på same staden i 1986.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no