|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand - kunstnarane: Dei første kunstnarane til SognDei første kjende bilete av Sogne-naturen skriv seg frå 1700-talet. Dei hentar naturleg nok motiva langs "Kongevegen" på reiseruta mellom Bergen og Oslo som gjekk gjennom Nærøyfjorden og Lærdal (sjå døme nedanfor). Dette er "reportasjemessige" skisser og stikk gjort for det meste av embetsmenn på gjennomreise. Publisert 31.05.2002 11:44. Oppdatert 22.05.2006 11:09. | Gerhard Munthe lokka kunstnarar til Sogn. |
Den første profesjonelle kunstnaren som kom til Sogn, var Johannes Flintoe (1787-1870) frå København. I 1818 vart han invitert til Sogn av offiseren og kartografen Gerhard Christofferson Munthe til Ytre Kroken i Luster. I "storekapteinen" Gerhard Munthe si tid var Kroken samlingsstad for dei mest kjende kunstnarane frå romantikk-perioden: I.C. Dahl (1788-1857), Thomas Fearnley (1802-1842), Peder Balke (1804-1887), Adoph Tidemand (1814-1876) og Hans Fredrik Gude (1825-1903).
Også utanlandske kunstnarar vitja Munthe i Ytre Kroken. Alle desse måla flittig motiv frå indre Sogn.
(Sjå meir om Ytre Kroken og om Sogne-bileta til desse kunstnarane under " Historia i Luster" og " Historia i Sogndal".)
Døme på motiv frå vegen i Lærdal:
· Kunstnarane og Lærdal
· Filefjell - hovedvegen aust-vest
· Generalvegmeistrane og Filefjellsvegen
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|