|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Balestrand: Hans DahlHans Dahl (1849-1937) frå Granvin i Hardanger, oppvaksen i Bergen og busett m.a. i Berlin og Balestrand. Slekta stammar frå Naustdal i Eid kommune i Nordfjord. Kunstmålar og "keisarven". Publisert 31.05.2002 14:30. Oppdatert 20.10.2003 11:02.Ættefaren Hans Nøstdahl reiste til Bergen midt på 1700 talet og vart kjøpmann. Han korta ned etternamnet til Dahl.
Hans Dahl er den mest kjende av kunstnarane som bygde seg villa i dragestil i Balestrand kring 1900. Han er ikkje minst kjend som ein nær ven av den tyske Keisar Wilhelm II.
Utdanna seg som offiser, men slutta i det militære i 1873 og utdanna seg som kunstmålar. Busette seg i Berlin i 1888.
| "På hjemvei" (Balholmen). (© Blomqvist Kunsthandel) |
Etter råd frå kunstnarvenen Eilert Adelsteen Normann, bygde han Villa Strandheim i Balestrand i 1893. Dette er ein av dei største villaene i drakestil i bygda. Kvar sommar skipa Hans Dahl til hageball den staselege villahagen, der hans nære ven, keisar Wilhelm II var sjølvskriven gjest.
Han busette seg fast i Balestrand frå 1919. Han døydde i bygda, og er gravlagd ved Tjugum kyrkje.
| "Gjeterpike med geiter". (© Blomqvist Kunsthandel) |
Måla Vestlands-motivHans Dahl måla fjordar og landskap på Vestlandet, oftast bada i sollys, med raudkinna jenter i bunad og folk i robåtar som sentrale motiv. Han fekk stor omsetning på bileta i utlandet. Men samtidige norske kunstkritikarar var ikkje nådige. Dei hadde kring 1900 meir sans for impresjonisme og ekspresjonistiske bilete.
| "Aftenseilas". (© Blomqvist Kunsthandel) |
Sonen Hans Andreas Dahl og Emma Pastor Normann har "kopiert" den nyromantiske målarstilen til Hans Dahl.
| Hans Dahl i båt på Sognefjorden. | Dahl er magert representert i norske kunstmuseum, men er innkjøpt til fleire museum på Kontinentet og i USA.
Frå 1990-talet har bileta til Hans Dahl blitt svært populære i Noreg, og einskilde har vorte omsette for kring ein halv million kroner.
Riddar og professorUtnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs Orden i 1902.
I 1910 gav keisar Wilhelm II han eit "æresprofessorat" som "kongeleg prøyssisk professor i kunstmåling.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|