SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand - herskap og hus:

Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande

Eit par kilometer vest for Balestrand sentrum ligg garden Sande. Dei mest kjende landemerka på garden er kunstmålar Dahls villa ved fjorden (sjå Villa Strandheim) og Villa Lorna. Men eit stykke opp frå strandvegen ligg eit stort, kvitmåla hus som var hovudhuset på garden Sande, seinare omgjort til Balestrand gamleheim 1920 -1977.

Publisert 10.06.2002 09:57. Oppdatert 16.07.2002 12:26.
Sande var på 1600 talet eigd av futen i Sogn saman med Skåsheim (sjå artikkel Målsnes og Skåsheim som futegardar). Etter at futen flytta til Flesje (sjå "Fute- og offisersgarden Flesje"), budde det m.a. ei rik presteenkje på garden.

Teken av ras

I 1745 fekk sorenskrivar Bramdrup hand om garden og busette seg der. Segna seier at husa på garden vart tekne av ei stor skrede - truleg på 1740-talet - og at dørhella framleis skal liggje i marbakken i fjorden nedanfor.

Sorenskrivaren dreiv m.a. støl i Langedalen, der stølen framleis heiter Skrivarstølen.

Sorenskrivar Bramdrup døydde i 1761, og då enkja døydde i 1785, vart garden delt på to døtre, som framleis budde i hovudhuset medan jorda vart leigd bort. Ei av dei gifta seg med kaptein Jakob Gerhard Meidell jr. på Flesje og flytta dit.

Ein soneson som også heitte Jacob Meidell (1825-1884) busette seg på Sande i 1850-åra, og bygde ut bruket til eit mønsterbruk. Han bygde m.a. eit staseleg hovudhus i 1855 som er ein del av bygningen som står i dag. Lenge før dette vart vanleg, bygde han også gjødselkjellar under ein ny driftsbygning.
Då Jacob Meidell døydde, vart Sande delt i 7 bruk, og kring 1900 vart det bygd fleire store praktvillaer ved stranda. Dei mest kjende var Villa Lorna og Villa Strandheim.

Aschroft frå Vadheim budde i Sande

Frå 1907 til 1917 leigde den skotske ingeniøren og grunnleggjaren av Vadheim Elektrochemiske Fabrikker, Edgar A. Aschroft (sjå "Kjende personar i Høyanger fødde år 1850-1900") det store hovudhuset på garden. Her heldt dei tenarar - m.a. hundepassar og stallmeister.
Det vert fortalt at kjemiingeniøren Ashcroft hadde laboratorium i eit hus på Sande-garden. Han hadde eigen motorbåt som skyssa han til og frå Vadheim.

Hovudhuset blir gamleheim

I 1918 kjøpte ei gamleheimsnemnd huset, og Balestrand Gamleheim vart opna der i 1920. Drifta vart m.a. finansiert med basarar og andre innsamlingar fram til 1970, då kommunen kom sterkt inn i drifta.
Kommunen overtok eigedomen vederlagsfritt i 1977 då kommunen bygde Helsetunet og tok over alle kostnader med drifta. Dessutan bygde kommunen nokre verna bustader, selde den gamle bygningen og resten av jorda til privatpersonar.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no