|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand - herskap og hus: Offisersgard på Flesje | Flesje i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
I 1774 kom Flesje på offisersslekta Meidell sine hender, då kaptein Jakob Gerhard Meidell jr. overtok. Han hadde overteke etter faren som sjef for Aurlandske Compagni før han flytta til Flesje. Publisert 10.06.2002 10:25. Oppdatert 20.08.2002 09:00.Også sonen Christian Gahrup Meidell og sonesonen Tomas Henrik Meidell (1830-1894) var offiserar: Christian som sjef for Ytre Sogn Compagni, og Tomas m.a. som kaptein og sjef for underoffiserskulen i Bergen. Begge fekk oberstløytnants grad.
OverklasselivMeidell-folket heldt seg med stor tenarstab og levde eit overklasseliv på Flesje, fjernt frå bygdefolket. I 1832 vitja Henrik Wergeland Flesje, og kunstmålar Hans F. Gude var der i 1846, der han m.a. fann motiv til dekorasjonane sine på Oscarshall slott på Bygdøy.
SommarbustadFlesje var i Meidell-slekta si eige fram til 1951, men frå 1880-talet let det til at dei berre nytta Flesje til sommarbustad, og garden vart stelt av tenestefolk. Nabogarden Tue var i lang tid eigd og drive av folket som budde på Flesje, og var bustad for sorenskrivaren i omlag 50 år.
Både Blix-folket og Meidell-slekta på Flesje gifta seg inn i andre kjende embets- og riksmannsslekter i Sogn, som Morgenstierne i Luster kommune, Lem på Frønningen, Atche i Lærdal ( Kjende personar i Lærdal fødde år 1600-1800) og Hille i Fresvik ( Vik kommune).
I dag er det sivilingeniør Rune Andersen frå Leikanger som eig Flesje. Han har gjort eit stort arbeid for å restaurere eigedomen.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|