SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Årøykraft

Årøy kraftverk og gangbruer for laksefiske i Årøyelva. (Foto: Dag Harald Kvammen Andersen, NRK)
Årøy kraftverk og gangbruer for laksefiske i Årøyelva. (Foto: Dag Harald Kvammen Andersen, NRK)

Krigstid og skiping av A/S Årøy

På slutten av 1930-talet lokka Staten med tilskot for å setje fart i kraftutbygging til ålmenn forsyning. Dette gjorde Årøy-krafta aktuell att.

Publisert 11.06.2002 15:14. Oppdatert 27.12.2006 14:50.
Sogndal kommune hadde kjøpt fallrettane som Asker Sparebank rådde over. Ei interkommnal nemnd med medlemer frå Sogndal, Hafslo og Leikanger planla eit kraftverk som var stort nok til å dekkje det lokale kraftbehovet i omkringliggjande kommunar.

A/S Årøy vart skipa i 1941 for å stå som eigar og byggjar av den nye kraftstasjonen. Nokre veker før hadde ein skipa Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag, og det var desse saman med det noko eldre Leikanger kommunale Elektrisitetsverk som i utgangspunktet skulle vere eigarar av A/S Årøy.

Men okkupasjonsmakta hadde andre planar enn småkraftverk for lokal forsyning i indre Sogn. Dei la press på for å byggje eit langt større kraftverk som også kunne produsere kraft til industriforsyning. Difor vart det same dag som A/S Årøy vart skipa, teikna kontrakt om kraftleige med det Hydro-eigde A/S Rjukanfoss, og dette selskapet gjekk også inn som eigar med meir enn 2/3 av aksjekapitalen. Dermed vart Årøy i praksis eit dotterselskap til Hydro. Like etter var det krigsmetall-selskapet A/S Nordag som overtok kontrollen over Hydro-aksjane i Årøy.

Kraftproduksjon til krigsbruk

Under 2. verdskrig gjekk Årøy-verket inn i kraftplanane for aluminumsverket som tyskarane skulle byggje i Årdal: Tyin-krafta skulle fyre omnane på verket, medan Årøy-krafta skulle levere straum til dei store anortositt-brota som tyskarane planla i den vesle bygda Kinsedal ved utløpet av Lustrafjorden (sjå: Anortositten i Kinsedal). Anortositt kan nyttast til å utvinne bauxitt, som er råstoffet som ein smeltar ut aluminium av ved elektrolyse. Kinsedal skulle forsynast med Årøy-kraft via eit fjordspenn som vart bygt ved Solvorn i 1943.

Utbygginga av kraftverket i Årøy starta i 1941. Men verket kom ikkje i drift før i 1943-1944, og tyskarane fekk lite nytte av det til Kinsedals-prosjektet sitt.
Årøy Kraftverk. Foto: Leiv Nordstrand

Årøy-kraft på nettet

Både Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag fekk statstilskot til bygging av linenettet, og den første straumen frå Årøy-kraftverket vart lagt ut på det nye nettet ved årsskiftet 1943-1944.
No overtok Sogndal Kraftlag også linenettet som Sognefjorden Ullvarefabrikk hadde bygt til sine abonnentar i Sogndal, og krafta frå det gamle kraftverket ved Fossfossen vart selt gjennom det kommunale kraftlaget. Også Kaupanger fekk tilknyting til Årøy-krafta i 1943.

I Sogndalsdalen avløyste Årøy-krafta fleire lokale småkraftverk, og i Fardal vart to lokale verk avløyste av Årøy-kraft i 1944.

Tidleg flaumlys

Eit av dei første idrettsanlegga som fekk "flaumlys" i Sogn og Fjordane må vere hoppbakken på Kvåle. Denne fekk installert dei første lyspærene i 1946. Fimreite fekk kraft i 1944-1945.

Samkøyring med Årøy

I alt var det seks mindre kraftverk som etter kvart gjekk inn i samkøyring med Årøy kraftverk: Lyster Sanatorium og Luster kraftverk hadde to stasjonar, Sognefjorden Ullvarefabrikk i Sogndal hadde eitt ved Fossfossen, Leikanger dreiv kraftstasjon i Henjaelva, og Balestrand hadde også sitt eige, vesle kraftverk som også gjekk inn i samkøyringa.

Årøy-striden

Dei spesielle omstenda kring skipinga av A/S Årøy under krigen - der okkupasjonsmakta etter kort tid fekk kontrollen over Årøy-prosjektet gjennom A/S Nordag - førte til at Staten sat som største eigar av kraftverket då krigen tok slutt. Staten tok nemleg Nordag og det som høyrde med til prosjektet som eit slags "krigsbytte".

Ville ha ålmenn forsyning

Fylkets sterke mann i etterkrigsåra - fylkesmann Nikolai Schei - gjekk inn for at krafta frå Årøy skulle nyttast til ålmenn forsyning i dei inste Sogne-bygdene. Det interkommunale selskapet Sognekraft, som vart skipa i 1947 av seks kommunar, skulle stå for utviding av kraftverket i Årøy og for sal og distribusjon av krafta. Dette kunne sikre 7.000 straumlause kraftforsyning, og gje 12.000 sogningar elles sikrare forsyning.
Slik var den idéelle planen, men i staden hamna eigarane i Årøy i ein årelang hard og bitter strid.

Pengeinnsamling

Sogndal og Hafslo kommunar godtok ikkje at Staten gjennom sitt "krigsbytte" etter Nordag vart sitjande med kontrollen i Årøy. Dei to kommunane meinte å ha ein aktverdig grunn for synet sitt: Det var dei som før krigen sat med fallrettane i Årøy og som vart tvinga inn i ei større samrøre av okkupasjonsmakta. No gjekk dei til sak for å få kjøpt Staten sine aksjar. Både i Sogndal og i Hafslo var engasjementet stort, og det vart starta pengeinnsamling til ei slags "folkegåve"for å sikre heimkjøpet.
Dei lokale aksjonane førte også til at Hydro kvikna til og kravde sin part i Årøy ved å vise til A/S Rjukanfos sin eigarpart frå 1941.

Kommunane bakka ut

Striden kring Årøy-krafta gjorde at korkje Sogndal eller Hafslo kommune ville vere med i samarbeidsprosjektet Sognekraft då det vart skipa i 1947. Dei godtok heller ikkje at Sognekraft fekk overta Staten sine aksjar i Årøy.

Statsråden mekla

Frontane vart etter kvart så harde at den mektige industriministeren Lars Evensen måtte inn og mekle i 1948. Først i 1954 løyste striden seg ved at dei to kommunane fekk kjøpe tilbake aksjane som Staten sat på i Årøy.
Kring 1970 var det planar om å føre vatn frå Sogndalselva over til Veitastrond og Hafslo for kraftutbygging, men etter sterke protestar vart ikkje dette noko av.

Nytt kraftverk i 1983

I 1973 vart Årøyvassdraget verna mot vidare utbygging i ti år - m.a. av omsyn til kulturvernet kring vassdraget.
Då vassdraget vart frigjeve for utbygging etter vernetida, ynskte Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) å vere med på utbygginga, men slapp ikkje til. Sognekraft stod for utbygginga åleine, og fekk den nye kraftstasjonen med 336 GWh på nettet i 1983.
Av dette fekk Hydro kontrakt på kjøp av 250 GWh sommarkraft. Kraftverket var eit typisk flaumkraftverk som fanga opp smeltevatnet frå Jostedalsbreen gjennom Veitastrondvatnet og Hafslovatnet.
Utbygginga førte til mindre flaumskadar på dyrka mark i Veitastrond, men samstundes vart den kjende Helvetesfossen ovanfor Årøy på det næraste turrlagt.

Hovudside:
· Kraftutbygginga i Sogndal



MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no