|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand: Skred i Lånefjorden og NessanePå garden Lønne lever segna etter "Storeskaden" då eit uhorveleg stort steinskred dekte store delar av garden og demde elva i Lånefjorden slik at den tok nytt far. Ein veit ikkje kva tid dette skredet gjekk. Publisert 11.06.2002 19:33. Oppdatert 16.07.2002 13:02.Også på gardane Koldingsnes og Brekke i Lånefjorden har skred gjort stor skade. M.a. vert det fortalt at mykje av jorda på Brekke vart øydelagt av fjellskred hausten 1765 og våren 1766. Både løa og naustet vart øydelagde.
Under garden Bolstad i Lånefjorden bygde ein kar frå Målsnes ein husmannsplass i Tråna. Men fonnvinden frå dei årvisse Mjøllesnos-skredene var så sterk at den heldt på å kjøve plassfolket og blåse bort husa. Dei valde difor å flytte inn att til Målsnes.
I 1780 demde eit stein- og jordskred opp elva i Styggjegjelet i fjella over Nessane. Då den losna, gjorde flaumen stor skade på jorda på Indre Nesse. Ei husmannskone som budde ved elvemunningen, fekk beskjed om å evakuere, men nekta. Flaumen braut stova hennar på fjorden, og kona omkom.
I 1895 gjorde to jordskred store skadar på jordvegen på ein gard på Bolstad i Lånefjorden, og det same hende på nytt i 1942.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|