|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Balestrand: Bombinga i Esefjorden | Balholm og Esefjorden i 1942. (Foto: Norsk Film/NRK) |
Kring heile Balestrand vart det sett opp maskingeværstillingar. Det lokale skyttarlaget vart mobilisert for vakt og nærforsvar. For å hindre at tyskarane skulle trengje inn Sognefjorden, la jagarane "Garm" og "Troll" - og torpedobåten "Snøgg" seg i ei ytre line ved Vadheim, og mineleggjarane "Gor" og "Vale" saman med rekvirerte norske fiskeskøyter la seg ved Kvamsøy. Publisert 12.06.2002 22:31. Oppdatert 14.01.2004 12:26.Mykje av denne flåten trekte seinare til Esefjorden, der "Garm" vart utsett for tysk flyåtak den 20. april. Det tyske flyet vart skote i brann, og styrta ved Høyanger. "Garm" vart den 26. april flybomba på nytt ved Bjordal, og sokk (sjå Høyanger under krigsutbrotet 1940). Også "Snøgg" og "Troll" vert angripne ved Høyanger og Nordeide utan at det vart gjort større skadar.
I samband med krigskvarteret på Kvikne's hotell, fylgde det også med nokre norske marinefly som først låg i Esefjorden og seinare vart flytta til Vetlefjorden. Her dreiv dei m.a.
"øvingsbombing" med stein. Ein av dei tunge steinane hadde nær råka hus på Ulvestad.
Før dei norske styrkane kapitulerte i 1940, vart kanonbåten "Jerv" søkkt av det norske mannskapet på utsida av Kvamsøy. Dette vart gjort for at den ikkje skulle falle i tyskarane sine hender. Vraket vart heva nokre år etter krigen.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|