SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Balestrand:

Soldatherberge på Kvikne's hotell

Dei norske styrkane heldt seg i Balestrand i omlag tre veker. I slutten av april søkte norske soldatar som var på flukt frå kampane kring Voss og i Valdres til Balestrand, der dei hadde eit kort opphald på Kvikne's hotell.

Publisert 12.06.2002 22:42. Oppdatert 16.07.2002 12:31.
Den 1. mai deltok to norske sjøfly som var stasjonerte i Balestrand i åtaket på mineleggjarane "Uller" og "Tyr" ved Losna. Dei to norske krigsskipa var erobra av tyskarane. "Uller" vart skadd og sett i land (sjå "Invasjon og vaktpostar i Solund").
Same dag kapitulerte styrkane i Sør-Noreg, og Sjøforsvarsavsnitt Sognefjord med hovudkvarter på Kvikne's Hotell vart oppløyst.

Hotellvertinna sa "nei"

Balestrand såg lite til okkupasjonmakta det første krigsåret. Men ein dag i juni 1941 sette eit tysk skip i land store styrkar - utstyrte som om dei hadde tenkt å bli verande ei tid. Men av ukjend grunn vart både troppar og utstyr i all hast skipa ombord att, og skipet reiste.
Same året baud tyskarane seg til å kjøpe Kvikne's hotell, men Marta Kvikne nekta å gje hotellet frå seg.

Neste side:
· Terboven-festen på Kvikne's
Førre side:
· Bombinga i Esefjorden
Hovudside:
· Krigshistoria i Balestrand


MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no