SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Luster:

Urnes stavkyrkje

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Urnes stavkyrkje er bygt kring 1130. Stavkyrkja ligg vakkert plassert oppe under fjellfoten på Ornes - ein gong tilhaldsstad for mektige stormenn.

Publisert 13.06.2002 12:15. Oppdatert 18.11.2003 13:24.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Urnes stavkyrkje [WM]  Marit Bøen viser rundt i Urnes stavkyrkje saman med Ottar Starheim.
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Urnes stavkyrkje er eitt av dei få norske byggverka som er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda. Denne stavkyrkja er ikkje så pynta utvendes som den like godt kjende Borgund stavkyrkje. Også Hopperstad stavkyrkje i Vik, som kyrkjereddaren Peter Andreas Blix restaurerte og bygde om utvendes til ein kopi av Borgund stavkyrkje, er meir pynta enn Urnes stavkyrkje.
Blix hadde også planar om å gjere noko liknande med Urnes stavkyrkje. Men han kom heldigvis ikkje så langt, vil mange seie. Dette er nok også grunnen til at Urnes stavkyrkje i dag framstår som ei av dei mest "opphavelege" norske stavkyrkjene - både utvendes og innvendes.

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)

Urnes-portalen

Juvelen i utsmykkinga på Urnes-kyrkja er den vidt kjende portalen på nordveggen: Urnes-portalen. Portalen kransar om ei smal dør, og ved sida av står også nokre loddrette veggbord skorne i den same stilen - med dyreornament snodde saman i eit elegant og djuprissa mønster.

Ein reknar som sikkert at portalen og dei andre borda på nordveggen er eldre enn den noverande kyrkja, og stammar truleg frå ei eldre Urnes-kyrkje frå 1000-talet. Få norske kunstverk frå mellomalderen er betre kjende ute i verda enn
(Foto: Ole Fretheim, NRK)
denne Urnes-portalen. Den har m.a. gjeve opphavet til omgrepet "Urnes-stilen" som ein kan finne i ulike stein- og trearbeid frå same tid i andre nordiske land.

Avsaga kyrkjedør

Hovuddøra inn til kyrkja frå svalgangen på vestsida står i ein vakkert utskoren portal. Men ein legg merke til at sjølve døra har fått avsaga den øvre bogen, og har vorte flytta frå sin opphavelege plass på innsida av karmen. No er døra hengsla slik at den rir ut, og står i eit spor som er primitivt hogge ut i dei elles vakre, utskorne sidestolpane.

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Bakgrunnen for denne ombygginga - som vi finn på alle norske stavkyrkjer, - var den dramatiske brannen i stavkyrkja på Grue i Hedmark i 1822. På grunn av at kyrkjedørene der reid inn, vart den panikkslegne kyrkjelyden stengt inne då dei storma mot døra, og 117 menneske brann inne. Etter denne tragiske hendinga, vart det gjort vedtak om at alle offentlege bygg i Noreg skulle få dører som reid ut, slik at folk kunne røme lettare i tilfelle brann.

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Dette er grunnen til at mest alle kjende bogedører frå m.a. norske stavkyrkjer har avsaga boge øvst: Dei vart dermed enklare å byggje om då forskriftene om utsvingande dører kom etter kyrkjebrannen på Grue i 1822. Forutan i stavkyrkjene, er det teke vare på slike avsaga bogedører m.a. på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og i våpenhuset på Ålhus kyrkje i Jølster.

Stavkyrkja berga frå stormen?

Inne i kyrkjeskipet får ein lett auge på dei store og primitive krysstaga som går tvers over skipet. Desse "framandelementa" kan skrive seg frå harde stormnetter, då bygdefolket måtte handle raskt for å stive av kyrkja slik at ho ikkje brotna ned.

Ei anna forklaring kan vere at kyrkjeskipet måtte stivast av, då ein på 1600-1700-talet saga av to av dei berande stavane/søylene ved koret for å gje plass til eit ekstra altar og kyrjestolar for rikfolk.

Vindauge i kyrkja. (Foto: Arve Uglum, NRK)
Men antan det var storm eller svikt i bærestolpane som gjorde det: Dei gamle har ikkje makta å rette det gamle kyrkjebygget heilt opp i lodd - for siktar du etter den vakre smijarns-lysekruna frå 1100-talet som heng ned frå kyrkjetaket, ser du at den "heng skeivt". Men kruna heng sjølvsagt loddrett - det er kyrkja som er skeiv.

Fabeldyr på stolpane

Alle kapitéla - dvs. stolpetoppane på dei 14 stavane i kyrkjeskipet - er dekorerte med 50 religiøse motiv og bilete av fabeldyr. Eitt av desse fabeldyr-motiva er gjort til "bumerke" for Fortidsminneforeninga, som frå 1880-talet har vore eigar av Urnes stavkyrkje.

Inventaret

Koret i kyrkja vart bygt i 1601. Altartavla er ei vakker renessansetavle frå 1699. Ein lysestake på altaret frå 1100-talet er forma som eit vikingskip, og på altaret stiller ein ved særskilde høve også opp to 53 cm høge lysestakar frå Limoges i Frankrike, laga kring 1250. Dei er støypte i bronse og dekorerte med fleirfarga emalje. Stakane vart utlånte til høgaltaret i Nidarosdomen ved signinga av kongeparet Harald V og Sonja i 1993.

I koret står også det som truleg er den eldste stolen i landet - den vert kalla bispestolen, og er datert til kring 1150.

Korveggane er dekorerte med måleri frå 1601 og viser Jesus og dei tolv apostlane. Preikestolen er frå ca. 1695, dåpsfat frå 1640, nattverdsutstyr frå 1648, bibel frå 1699, åtte cm. høg Johannes-figur frå 1200-1250 i forgylt kopar. Korskiljet er frå kring 1700, og ei 225 cm høg Golgata-gruppe over koropninga er frå 1150.

(Foto: Ole Fretheim, NRK)
Elles finn ein eit måleri frå 1655 som skildrar det nye Jerusalem. Det er gjeve av rikmannen Jan Jansen Teiste frå Ytre Kroken. I kyrkjeskipet heng elles to måleri frå 1678 og 1688 med religøse motiv, og elles finst det stolvangar og stolar frå tida 1684-1701. I kyrkjeskipet merkjer ein innebygd kyrkjestol med tregitter føre seg sterkt ut. Her sat prestefrua på stas.

Storfolk sat fremst

På dei fremste kyrkjebenkane hadde elles storfolk frå Teiste- og seinare Munthe-slekta i Ytre Kroken sine faste plassar. Bygdefolk elles, og særleg dei som hadde lågast rang, måtte sitje på smale benkar på det kummerlege galleriet eller rundt i koret.

Sakristi

Urnes stavkyrkje har i tidlegare tider hatt eit sakristi som vart bygt i 1720. Dette og nokre vidauge av yngre årgang vart fjerna då Fortidsminneforeninga tok over i 1880 og starta restaurering under leiing av Jens Z. M. Kielland.

Figurar på Bergen Museum

I Bergen Museum finst "Urnes-madonnaen" frå 1150-1200 - ein vakker og måla treskulptur skoren ut i tresorten selje, eit munkehovud frå kring 1200, og ein 78 cm høg skulptur frå 1180 som antan framstiller Jesus eller Olav den heilage.

Sjå også:
· Mellomalderhovdingar på Ornes

(Foto: Arne Eithun, NRK)


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no