Vik var ein var ei første stadane i Noreg fekk fastskule. Det skjedde i 1741, berre to år etter at den første lova om den norske ålmenskulen kom.
I 1866 ytte Viig Sparebank pengar til ein "videregaaende skole for konfirmerede bondegutter". Her slapp dei "konfirmerede bondegutter" å betale skulepengar, og den vart difor kalla "friskulen".
Vik Fortsættelsesskole
var starta på Gildhus i 1882, og den kommunale drivne friskulen gjekk over i denne.
|
Skulehuset på Gildhus. Teikning: Ivar Refsdal |
Dei veglause gardane gjorde at mange skuleborn måtte bu heimanfrå. På Vangsnes vart det bygd skulehus svært tidleg - i 1862.
I 1909 starta bondekona Brita Ligtvor frå Vik undervisning i produksjon av gamalost.
vart starta som privatskule i 1947.
Vik var ein av dei første kommunane i landet som innførte ni-årig skule.
Vik vidaregåande skule
|
Vik vidaregåande skule. (Foto: NRK) |
Vik vidaregåande skule vart starta i 1976 i samband med den store fylkesplanen for desentralisering av det vidaregåande skuleverket. Vik vidaregåande skule hadde på det meste kring 50 elevar. Etter mange års kamp vart skulen lagt ned i 1997.
Vangsnes skule
og grendahus vart teke i bruk i 1986, og Vangsnes vart på nytt eigen skulekrins, etter å ha vore under Vik sidan kommunereguleringa i 1964.
Kommunale skular i Vik i 2003:
Flatbygdi skule (1.-10. klasse) 296 elevar
Valsvik skule, Arnafjord (1.-7. klasse) 7 elevar
Vangsnes skule (1.-4. klasse) 20 elevar
Feios skule (1.-10. klasse) 28 elevar
Fresvik skule (1.-10. klasse) 32 elevar
|
Flatbygdi skule i Vik. (Foto: Arild Nybø, NRK) |