SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Talkgruvene i Framfjorden

Talkfabrikken i Framfjorden. (Alle foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Talkfabrikken i Framfjorden. (Alle foto: Tor Sivertstøl, NRK)
I 1907 sikra Didrik W. Blaauw seg retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee.

Publisert 24.07.2002 11:06. Oppdatert 05.09.2002 10:05.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I 1905 kom fossespekulanten Didrik W. Blaauw til Framfjorden og såg dei høge fossane i fjellsida. Blaauw vart på folkemunne kalla "Fosse-Blaauw", og var ein av fleire bergensarar som dreiv stort med fossekjøp i denne første oppkjøpsrunden kring hundreårsskiftet (sjå også "Fossekjøparane i Høyanger" og "Bergensar eigde Osen-vassdraget").
Men Blaauw såg ikkje berre fossar kring Framfjorden, for i 1907 sikra han seg både fallrettane i elva og retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee. Han tok med seg steinprøvar til Tyskland og fekk dei analyserte i Berlin.

Hestane dreiv taubana

Alt i 1908 var selskapet Mineral og Kraft A/S i drift med kring 100 arbeidarar. Her kunne folk tene over det tredoble av ei vanleg drengeløn på ein gard.
Talkmølla vart bygd nede ved sjøen i Framfjorden, og talksteinen vart frakta ned frå gruvene på ei 800 meter lang taubane. Trekket på taubana vart den første tida ordna med ei såkalla "hestevandring" - eit drivhjul drege rundt av hestar. Denne hestedrifta var i bruk heilt fram til 1918. Også vognene i gruva vart dregne opp med eit hestespel.
Seinare vart hestane avløyste av oljemotor og elektrisk drift frå ein kraftstasjon i Daleelva, bygd i 1911. Denne stasjonen leverte også straum til husa rundt, og var i drift til 1958.
I gruvene vart vatn aust ut med bøtter i den første tida. Seinare kom pumpeverk. Frå mølla vart talkumet skipa ut i jutesekkar eller tønner.

Brann og konkurs

I 1917 sikra Blaauw seg også fallrettane frå Målsetvatnet og Ovrisvatnet. Dei gode inntektene han fekk frå Framfjorden investerte han m.a. i talkumgruver i Porsmyr i Hardanger og i ein torvkolfabrikk i Gjølanger (sjå "Industri og næring i Fjaler").
Mølleanlegget i Framfjorden vart totalskadd av brann i 1924, og Blaauw gjekk konkurs. Det same gjorde dei fleste andre verksemder han kom borti, men han berga torvkolfabrikken i Gjølanger, for han flytta dit. Eldre folk kan hugse den gamle mannen som spaserte rundt i Gjølanger med sin karakteristiske kalott på hovudet.

Kjøde tek over

I 1927 tok skipsreiar Jakob Kjøde frå Bergen over i Framfjorden. Kjøde utvida kraftverket, og organiserte selskapet under namnet A/S Framfjord Talcmill. Resten av mellomkrigstida var det 60 fast tilsette og mange deltidsarbeidarar i Framfjorden.
Kjøde sikra seg også mineralrettar på Dale, og starta drift der i 1942. Dei første åra etter krigen gjekk gruvene og mølla på tre skift og haddeover 50 tilsette. Men i 1956 var gruvene på Lee tome, og Dalegruvene minka også. For å halde hjula i gang, fekk Framfjorden tilskot av råstoff frå Norwegian Talc sine gruver i Mo i Rana.

Tome gruver

I 1957 selde Jakob Kjøde alle fallrettane i Framfjorden til Sognekraft. I 1960 vart det funne nye store talklag ved hjelp av diamantkjerneboring i Ståpelskår ved Dale, nok til å halde det gåande i minst 20 år til. Mølleanlegget vart modernisert og meir automatisert 1966-1969, og arbeidsstokken vart redusert til 24. Ståpelskårgruva var tom i 1984, og sidan har mølla fått råstoff frå Mo i Rana. I 1984 vart det funne store talkleie i Stølsheimen, men desse har førebels ikkje vorte utnytta.

Hausten 2002 vart det bestemt at gruvedrifta og anlegget ved sjøen skulle leggjast ned. (Les nyheitsartikkel: Norwegian Talc legg ned drifta.)

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no