SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Hopstock Hotell

Hopstock hotell i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Hopstock hotell i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Hopstock Motell og hotell på Vikøyri er det eldste hotellet i Sogn og Fjordane med utferda hotelløyve.

Publisert 25.07.2002 13:14. Oppdatert 06.02.2007 10:08.
Ole Andreas Hopstock

Eldste hotell i fylket

I 1847 kjøpte Ole Hopstock frå Risør det gamle gjestgiveriet på Vikøyri og grunnla Hopstock Hotell. Seljaren var svogeren, kjøpmann Jens Boalth Wallentinsen. Hotellet var halvferdig då Hopstock kjøpte, og vart bygd med 30 senger. Hopstock hadde også eige fiskebruk med not. Til eigedomen høyrde også ei kvern og eit sagbruk i Kyrelvi.

Militærtida ei god tid

I den tida Viksmoen var eksersisplass for Sogns Bataljoner frå 1874 til 1898 opplevde Hopstock Hotell ei blømingstid. Mange offiserar budde på hotellet. På sommarkveldane samlast dei i lysthuset i hotellhagen, der militærmusikken spela. Også "kyrkjebergaren" og arkitekten Peter Andreas Blix budde fast på hotellet under opphalda i Vik. Han disponerte eit fast rom i andre høgda der han hadde eigne møblar og kontor, og budde der dei siste åra han levde. Sidan vart dette kalla "Blixrommet". I 1981 vart det reist ei minnestøtte over Blix like ved hotellet.
Liv og Jens Krog Hopstock

Landets første motell

Etter Ole Andreas overtok sonen Jens Krogh Hopstock og kona hans Liv, og dei dreiv hotellet fram til 1918. Butikken vart i 1900 seld til Anders Øksdal, som i 1909 selde vidare til Ole Pederson Fosse.
Gamalt bilete av hotellbygningen som vart riven i 1973. (Foto © Fylkesarkivet)
I tillegg til hotell og handel, vart Jens Hopstock også telefonstyrar, og i 1890 bygde han også Orvedals Mølle. Dei ugifte døtrene Wenche og Nico Hopstock tok då over hotelldrifta frå 1918 og fram til 1946. Då leigde kjøpmann og bakar Mons Thorsen frå Vik hotellet fram til han kjøpte det i 1950.
Mons Thorsen let systera Malla Thorsen drive Hopstock Hotell. Ho vart kjend som ei gjestfri og hjartegod hotellvertinne. I 1956 bygde Thorsen det første motellet i landet som eit anneks til den gamle hotellbygningen.
Motellet som stod ferdig i 1957 var landets første.

Gamlehotellet vert rive

Frå 1967 leigde ekteparet Anne Marie og Carl Melchior Riiber det gamle hotellet frå Thorsen, men dei flytta til Kristiansand i 1968. Då overtok ekteparet Grethe og Tom Eide ei kort stund, men hotellet gjekk dårleg, og Vik kommune kjøpte det. I 1971 kom så Riiber tilbake til Vik og kjøpte Hopstock Hotell under førsetnad av at dei var villige til å rive det gamle hotellet for å gje plass når riksvegen gjennom Vikøyri skulle utvidast.
Til sterke protestar m.a. frå Fortidsminneforeningen vart så det gamle Hopstock rive og erstatta med eit nytt hotell i 1973. Nyehotellet hadde 58 senger.

Carl Andre Riiber.
Sonen Carl André Riiber har vore ansvarleg for drifta sidan 1989, og overtok bygningane og eigedomen i 1992. Hotellet vart utvida frå 27 til 56 rom i 1995, og seks motellrom. I nokre av salongane er det teke vare på møblar og bygningsdetaljar frå det gamle hotellet som vart rive.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no