SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Fabrikkar og verkstader i Vik

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 25.07.2002 17:47. Oppdatert 30.11.2006 10:46.

Ullvarefabrikk

i Vik var det aktuelt å reise i 1811. Det var Selskapet for Norges Vel som tok opp tanken. Planen var å få i gang 2-3 vevstolar. Selskapet skulle yte tilskot, men ingenting tyder på at "ullvarefabrikken" kom i gang.

Storesagi i Fresvik og
sag på Fresvikåsen

- sjå Fresvik-godset.

Handel og brusfabrikk i Vik

Endre Andersen starta landhandel i Vik i 1866 etter først å ha arbeidd som skomakar. Han dreiv også ein liten brusfabrikk bak butikken - dette vart kalla "Brushuset".

Hove Meieri

vart starta i 1874 etter opptak frå Anders Sjurson Fedje - sjå "Meierihistoria i Vik".

Balvolls Planteskule

Hadde ein årleg produksjon på opptil 400.000 skogstre.

Orvedals Mølle

i Vik vart bygd i 1890 av hotelleigar Jens Krogh Hopstock. I 1899 overtok Anders H. Sæbø. Mølla var i bruk til midt på 1980-talet med Petter Følid som siste eigar.

Vik Meieri

vart starta 1897 etter opptak frå sokneprest S.B. Hersleb Walnum - sjå elles "Meierihistoria i Vik".

Martin Larsen

starta bakeri i Vik i 1905 og dreiv fram til han døydde i 1927, då Mons Thorsen kjøpte det (sjå "Mons Thorsen - bakeri og daglegvare"). Bakeriet vart drive fram til 1987.

Volds Mølle

vart bygd i 1905 i Vik av Svein A. Vold, og seinare driven av Nikolai Erdal (sjå "Sagbruk og trelast på Vikøyri"). Etter mange år utan drift, vart bygget rive i 1930.

Framfjord Talcmill

Sjå: Talkgruvene i Framfjorden. I 1907 sikra Didrik W. Blaauw seg retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee.

Draum om storindustri i Arnafjord

A/S Arnefjord var eit fossekompani som sikra seg fallrettane i vassdraga i Arnafjorden i tida frå 1909 til 1917.

Sagbruk og trelast på Vikøyri

Nikolai Erdal frå Førde starta sagbruk og trelasthandel på Vikøyri i 1909. Han prøvde seg også på produksjon av sementstein og tønner, og dreiv Volds Mølle nokre år. Jakob Hornnes frå Førde dreiv Vik Trevarefabrikk frå 1931 til 1941.

Ola J. Grov

starta i 1909 reparasjonsverkstad for gardsreiskapar i Vik. Han produserte også ein del reiskapar ved verkstaden.

Skau's Kassefabrikk

vart starta i Fresvik i 1910 av Jon Skau. I 1914 bygde han sagbruk, og frå 1927 dreiv han kasseproduksjon.

Handelsverksemda på Nese

Markus Nese bygde i 1915 eige bakeri, og dreiv også sagbruk og båtfrakt med opptil fleire båtar.

Vik Trevarefabrikk

Ein stor fabrikk, med hovudfløy i tre etasjar. I varemangeltida etter krigsåra gjekk fabrikken godt, og hadde tilsaman over 20 personar i arbeid.

Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen)

Hermetikkfabrikken la først og fremst ned brisling, men hermetiserte også frukt, og laga saft og syltetøy.

Notalag i Vik

Berre i Fresvik åleine var det fleire notalag med 7-8 mann i kvart lag. I Vik dreiv "Thorsens notalag".

Hans Lilleøren

starta i 1932 ein slipp for reparasjon av motorbåtar på Vetleøyri, og hadde tre mann i arbeid. Den største båten på slippen var ein 62 fots jernbåt frå NACO i Høyanger. Slippen var i bruk til 1965.

Hovland sag og kassefabrikk

på Vangsnes vart starta av Per Hovland. I tillegg til vanleg skurlast, produserte verksemda både frukt- og fiskekasser.

Vik slakteri og pølsefabrikk

Fabrikken produserte m.a. ei spesiell fårepølse, og hadde 10 tilsette.

Andreas Hove

starta ur- og gullsmedforretning i Vik i 1925. Han dreiv også optikarforretning. Forretninga er sidan teken over av sonen Olav Hove.

Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Mons Thorsen starta bakeri i Vik i 1926.

Thune & Co.

- trelast, byggevare- og landbruksvarer, vart starta i 1946 i Vik av Olav Thune. Dei første åra dreiv han sagbruk under firmanamn Thune Sag & Kassefabrikk.

TaGo Trevarefabrikk

frå 1947. Sjå Vik Trevarefabrikk.

Helge Nummedal

starta snekkarverkstad i Vik i 1948. Spesialiteten var vevstolar av ulik storleik. Desse vart i hovudsak omsett gjennom Vestlandske Husflidslag. Men verkstaden produserte også kjøkkeninnreiingar, vindauge og dører.

ARA Næringsmiddelfabrikk AS

vart starta i Vik i 1949 med Arne Vik som disponent. Fabrikken produserte smelteost.

Helge Salbu

dreiv nokre år på 1960-talet med produksjon av plastbåtar i Finden. Han tok patent på eit spesielt ballastsystem for småbåtar som vart kalla "Sjøfix".

Hjørnesteinsverksemda Vik Verk

I 1968 kom planen om at fabrikken i Vik burde satse på produksjon av vegsikringsutstyr i stål og aluminium. I 1971 starta verket også produksjon av akustiske takhimlingar, og fem år etter starten var ein oppe i 120 tilsette.

Vik Industrihus

vart bygd i 1970, og gav plass til fleire nyskipa verksemder som Viking Husflid AS (seinare Viking Interiør og Linn Bad) og Sogn Mek. Verksted.

Viking Husflid AS

- sjå Vik Industrihus.

Sogneprodukter AS

i Vik vart starta som verna verksemd i 1972. I 1981 tok verksemda over Viking Kafeteria, og i 1984 Vik Bensinstasjon. I 1982 bygde stiftinga "Hybelheimen".

Vik Interiør AS

- sjå Vik Industrihus.

Vik Bil AS

vart starta som reparasjonsverkstad i 1978 av Sverre Kløve, Ingolf Fjærestad og Osvald Risløv. Sidan har verksemda utvida med bensinstasjon, oljetransport og redningsteneste, og har i 2002 15 tilsette.

Fresvik Produkt AS

Verksemda har gjort stor suksess med produksjon av isolasjonselement til kjølerom. Fabrikken har m.a. industri, storkjøkken og oljeverksemda i Nordsjøen som kundar.

Linn Bad AS

skipa i 1986 - sjå Vik Industrihus.

Trykkservice AS

vart starta i 1989 i Vik av Per Tubbene. I samarbeid med Pjuma Reklame ved Per Johnny Undi gav verksemda ut annonsebladet "Vika". Trykkeriet vart etter nokre år flytta til Årdal.

Fjordsylv

Produksjon av bunadssølv.

Røyrvik Bygg og Betong

I 2002 er det Røyrvik Bygg og Betong AS som held til på tomta etter Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen) med trelastlager og byggevarer, og dei har fleire betongbilar. Verksemda har i 2002 16 tilsette.
Røyrvik Bygg og Betong. (Foto: Arild Nybø, NRK)


Vik Trafokjøt DA

slakteri på Vange vart skipa i 2003 av bønder som produserer økologisk kjøt: Olav Arnar Bø, Rune Hatleli og Bjørg Fritsvold, Kari Haga og Nils Vange, Linda og Asbjørn Holstad og Siv og Odd Myrkaskog. Verksemda produserer både spekemat og ferskvarer, og held til i ein tidlegare transformatorbygning, derav namnet.

Vik Verk AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Euroskilt avdeling Vik

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Vik Fasade AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

NORAC avdeling Vik

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Ørsta Euroskilt

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no