Hovudkontoret er plassert i Vik. Selskapet har i 2002 avdelingskontor med ingeniør-avdeling i Sogndal og dessutan ein mindre lokal base i Balestrand. Fram til 2001 hadde Sognekraft også kontor på Leikanger.
Selskapet har eigen kraftstasjon i Årøy i Sogndal kommune og 12 prosent av
Vikfalli. Sognekraft har konsesjon på straumleveransar til Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik kommunar, samt Frønningen i Lærdal kommune.
Kraftstasjonen i Årøy vart bygt under 2. verdskrig av A/S Årøy, der Norsk Hydro og seinare naziselskapet
A/S Nordag vart over 2/3 eigar, og Hafslo og Sogndal kommunar som øvrige eigarar. Staten kravde eigarrett til Nordag-aksjane i A/S Årøy etter krigen.
Dette utløyste mykje strid: Sognekraft var etter den opphavelege planen meint å omfatte alle kommunane i midtre og indre Sogn frå og med Balestrand og Vik og austover.
Men etter hard strid om eigarrettane til kraftverket valde Hafslo og Sogndal å stå utanfor Sognekraft-samarbeidet dei første åra. Korkje Årdal, Lærdal eller Borgund kommunar hadde eigeninteresse i å gå med, for dei løyste sitt kraftbehov lokalt med Tyin-kraft og eit lokalt kraftverk i Lærdal.
Striden kring eigarretten til Årøykrafta lamma Sognekraft i mange år. Dei bygde ein del liner, men mangla kraft å levere frå eigen produksjon.
For å kompensere for den manglande krafta frå Årøy, satsa Sognekraft frå 1952 på å byggje ut
Vikfalli. Først i 1954 løyste striden kring eigedomsretten til Årøy seg ved at dei opphavelege eigarane, Sogndal og Hafslo, fekk kjøpe aksjane som Staten sat på.
|
Profilen av spennet over Sognefjorden mellom Fatlaberg og Rabnaberg. |
I 2002 er L/L Sognekraft eigd med 44,44 % av BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap), Vik kommune 19,79 %, Sogndal kommune 10,98 %, Luster Energiverk AS 12,91 %, Luster kommune 6,88 %, Balestrand kommune 2,5 % og Leikanger kommune 2,5 %.
|
Tavle som Betonmast sette opp då dei bygde fjordspennet. |