|
Jordbær. |
A/L Fresvik Kjølelager
vart skipa i 1947 med frukt- og bærdyrkarar i Fresvik og Frønningen som aksjeeigarar. Kjølelageret vart teke i bruk i 1957, og var saman med Innvik Fruktlager (sjå "
Frukt- og grønsakdyrking i Stryn") dei først i sitt slag i Sogn og Fjordane. Både 1981 og 1998 vart kjølelageret i Fresvik utvida og modernisert.
|
Rips. |
bygde i 1958 privat fryseri for bær i Fresvik. Han og fem andre i bygda hadde skipa Fresvik Bærlag i 1956. Bærdyrking i Fresvik har tradisjonar heilt tilbake til 1800-talet, då Hans Aksnes i Nærøyfjorden tok til å forhandle plantar for ein planteskule på Sørlandet. I Fresvik hadde han mange kundar for rips, stikkelsbær og solbær-plantar.
Fresvik Fruktsalslag
I Fresvik skipa 20 hageeigarar Fresvik Fruktsalslag så tidleg som i 1921.
Organisert bærdyrking i Fresvik starta i 1953, og jordbærdyrking i stor stil frå 1963.
|
Bringebær. |
I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman, og det lokale hagebrukslaget talde 60 medlemer. I 1969 produserte bygda 150.000 kilo jordbær og 10.000 kilo bringebær. Bæra frå fryselageret til Botolv Hov vart selde til konservesfabrikken Mor Monsen i Bergen.
Gartnerhallen tok over omsetnaden til Botolv Hov i 1970 og dreiv til 1997. Sidan har Hov leigd fryselageret ut til Fresvik Kjølelager, og anlegget har vorte mykje utvida.