Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik. Då vart ein mann drepen i "Aldinhagi" - dvs. i ein frukthage ved elva Hopra.
Men fruktavl av noko omfang kom ikkje i gang før
Apollonius Liljedahl kom frå Danmark og slo seg ned som skreddar i Vik i 1755. Der vart han seinare klokkar, og kjøpte seg gard, der han starta planteskule på 1770-talet. Dette er berre 10 år etter at Chr. Hjeltnes starta den første planteskulen i Noreg i Ulvik i Hardanger.
I 1784 fekk Liljedahl premie for fruktdyrking frå Det nyttige Selskab, og då vart det fortalt at han eigde 725 eple- og pæretre og dessutan 36 morell- og aprikostre i hagen sin på Hopperstad.
Kunne poding
Men den viktigaste innsatsen til Apollonius var at han meistra podingsteknikken, og poda opp gode fruktsortar som han selde til andre interesserte i Sogne-bygdene. Han må ha selt mykje over 2000 frukttre kringom i Sogn. Liljedahl skreiv også ei lærebok i fruktdyrking. Takka vere Liljedahl sitt føredøme, var det mange i Vik som kring 1790 satsa på fruktdyrking. Jakob Thode, som var prest 1785-1817, var ein ivrig fruktdyrkar, og eit eple som vart dyrka på 1800-talet, var kalla opp etter prestekona i Vik.
Oppsving frå 1870
Utover 1800-talet fekk fruktdyrkinga fleire tilbakeslag, men frå 1870 tok den seg sterkt opp, og vart ei viktig næringsgrein i Sogn. Kring 1900 var det registrert heile 113.000 frukttre i Sogn og Fjordane fylke.
vart starta i Vik i 1887, først med frukt- og bærbuskar, men frå 1901 også med granplantar.
I moderne tid er det særleg Vangsnes og Fresvik som har vore store frukt- og bærbygder med eigne kjølelager.