SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Utvandringa frå Vik til Amerika

Amerikafarar. (Foto © Vik lokalhistoriske arkiv)
Amerikafarar. (Foto © Vik lokalhistoriske arkiv)
Den første registrerte utvandrar frå Sogn og Fjordane til Amerika var Gjert Gregoriussen Hovland frå Askvoll, som var komen til New York i 1831. Men den verkeleg store utvandringa til USA starta i 1839, då Per Ivarson Undi frå Vik reiste til Amerika med heile huslyden.

Publisert 31.07.2002 10:08. Oppdatert 17.12.2002 10:43.
Sidan har Vik vorte ei av dei store utvandringskommunane, og i noverande Vik kommune er det registrert at over 4.000 personar har reist til Amerika. Av desse er det berre frå Fresvik og Feios åleine registrert 850 utvandrarar.

Dei store oppbrotsåra

Amerikabåt. (Foto © Vik lokalhistoriske arkiv)
Dei fire åra 1843-1846 var store oppbrotsår. Då reiste i alt 315 menneske frå Vik prestegjeld til Amerika.
Brev heimatt frå dei som braut opp og drog til Amerika.
I same fireårs-perioden reiste det 115 vikjer til Nord-Noreg, og 30 drog andre stader: Stor flytting til Nord-Noreg. Denne utflyttinga utgjorde 15 prosent at folkemengda. Utvandrarane utgjorde økonomisk sett eit tversnitt av befolkninga, med største gruppa frå bondestanden. Det var såleis ikkje berre reint armod som dreiv dei ut, slik utvandrarmytane ofte vil ha det til.

Den første vikje som reiste til Nord-Noreg, var Hermund Torsson Ovri (1800-1879) i 1841. Han slo seg ned i Valfjord i Hadsel. Men i 1869 braut familien opp og flytta til Amerika.

Store jordvidder

Mange av dei første emigrantane sikra seg enorme jordvidder på dei endelause preriane. Såleis er det fortalt at nokre husmannsfolk frå Berdal i Vik som utvandra i 1856, åtte like mykje jord i Sioux Falls i Sør-Dakota som det finst jordvidder i heile Sogn.

I Vik har det sidan 1989 vorte skipa til fleire utvandrarstemne.

Walter Mondale i Fjærland i 1986. (Foto: NRK)

Walter Mondale stammar frå Vangsnes

Jimmy Carters visepresident 1977-1981, advokaten Walter Mondale, har gjort mykje vesen av at han har ætterøtene sine i Mundal i Fjærland. Men oldefar til Mondale kom frå Vangsnes: Fredrik Person Vangsnes var gift til Brita Mundal i Fjærland, og tok gardsnamnet der som slektsnamn. Dei emigrerte til Amerika i 1856.

Guvernør ætta frå Vik

Ein annan amerikansk politikar med sterke røter i Vik og Lavik, var Ole H. Olson (1872-1954), som frå 1932 var viseguvernør og seinare guvernør i staten Nord-Dakota. Han kom med i den amerikanske politikken i 1917. Faren heitte Østerbø og kom frå Lavik, og mora frå Midlang i Vik.

Fredspris-vinnar ætta frå Borlaug

Den amerikanske planteforskaren Norman Ernest Borlaug (f. 1914), som fekk Nobels fredspris i 1970, har ætterøtene sine frå grenda Borlaug mellom Fresvik og Feios.
Han utvikla nye kveite- og mais-sortar slik at avlingane vart det mangedobbelte. Dette fekk enorm betydning for kampen mot svolt, og vert kalla "den grøne revolusjonen".

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no