|
(Foto: NRK) |
Walter F. Mondale (f. 1928) frå Minnesota, USA, stammar frå Fjærland. Jurist og amerikansk visepresident.
Var Demokratane sin visepresident under Jimmy Carter 1977-1981.
Interessert i ætterøtene
Han har vore sterkt oppteken av ætterøtene sine, og har vitja Fjærland to gonger. Oldefaren til Mondale heitte Fredrik Person Vangsnes og kom frå Vangsnes i Vik kommune. Han gifta seg med Brita Mundal frå Nedre Mundal og tok gardsnamnet der som slektsnamn. Dei emigrerte til USA i 1858.
Tapte for Reagan
I 1984 stilte Walter Mondale som presidentkandidat for Demokratane, men tapte stort for den sitjande presidenten Ronald Reagan. Under denne valkampen var Mondale den første i USA som valde ei kvinne, Geraldine Ferraro, til visepresidentkandidat.
Prøvde come-back
I 2002 freista Mondale som 74-åring eit comeback i topp-politikken, då han stilte til val som senator for Minnesota, men nådde ikkje opp. Mondale vert av mange omtala som ein av dei sterkaste demokratiske leiarane i USA på 1900-talet.
Vitja Fjærland i 1979
Det vekte stor oppsikt då Walter Mondale som visepresident vitja bygda han ætta frå i 1979. Før visepresidenten steig i land i Fjærland, vart bygda og hotellet - og til og med sjøbotnen kring kaia - saumfare av amerikanske sikringsvakter. I eit par dagar sette verdspressa den vesle fjordbygda på ende.
Opna Fjærlandstunnelen
Walter Mondale kom tilbake i 1986 for å opne Fjærlandstunnelen under Jostedalsbreen. Han hadde også vore på ei meir "anonym" gjesting i Fjærland før han vart visepresident, og kom tilbake også i 1999.
|
Walter Mondale opnar Fjærlandstunnelen i 1986. (Foto: NRK) |