Flytta like etter fødselen til Lærdal. Løytnant 1845. Seinare avanserte han til oberst i Bergenske Brigade, og kommandant på Vikamoen. Frå 1854 postopnar i Vik, og kasserar i Vik Sparebank frå skipinga 1846 til 1889.
Skipa Viig Præstegjelds Landboeselskab i 1858, og var formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap 1861-1865. Skipa det første fjordhestlaget i fylket i Vik i 1869, og starta saman med offiserskollega
Ditlev Fredrik Tillisch import av engelsk storsau - leicestersau. Denne importen skal ha lagt grunnlaget for utvikling av den norske sauerasen dalasau.
Då den første norske statskonulenten for husdyr,
Johan Lindequist, importerte eit par grisar av rasen berkshiresvin til landet i 1863, vart dei utplasserte for avl hjå Christen Christensen i Vik.
Christensen var ordførar i Vik 1858-1861 og 1866-1873. Vararepresentant til Stortinget 1862-1863 og 1865-1866. Riddar av Sverdordenen.