I åra frå 1890 til 1920 skapte kampen om undervisningsmålet i skulen og nynorsk i kyrkja mykje fiendskap i bygdene i fylket.
|
Bjørnstjerne Bjørnson. |
I fleire kommunar som t.d. Hyllestad (
Skular i Hyllestad) og Gaular (
Strid om målforma i skulen) fekk striden om skulemålet avgjerande innverknad på samansetjinga av kommunestyra, og i Lærdal vart til og med Bjørnstjerne Bjørnson tilkalla av bokmålsfolket i ein målstrid som vekte åtgaum og undring over heile landet:
Noregs bitraste målstrid.
Klaga til skuledirektøren
I Vik spissa konfliktene mellom boksmålsfolk og nynorskfolk seg til i 1889, då 47 personar i Arnafjord sende klagebrev på at lærarane brukte landsmål (nynorsk) i kristendomsundervisninga. Skuledirektøren i Bergen vart kopla inn, og han meinte at ungane i Arnafjord var store nok til å skjøne det dei las og høyrde av nynorsk.
Salmar på nynorsk
I sjølve Vik starta striden då
Sigurd Nesse vart tilsett i 1882. Han let ungane syngje salmar på nynorsk og underviste i bibelsoga på nynorsk. Anders A. Sæbø stilte seg i brodden for protesten og samla inn over 40 underskrifter på eit krav om at Nesse skulle seiast opp. Men skulestyret gav Nesse fullt medhald. Likevel orka ikkje Nesse hundsinga frå bokmålsfolket, og flytta i 1893 frå bygda.
Skipa mållag
Vik fekk mållag i 1902. Då nynorsk vart innført som opplæringssmål i skulen i 1908, skipa bokmålsfolket Vik Riksmålsforening. Riksmålsforeninga skipa også sitt eige ungdomslag som heldt festar i eige ungdomshus. På same vis som i Hyllestad og Gaular, stilte dei eiga valliste i 1910, og arbeidde fåfengt for å få skipe ein eigen riksmålsskule i Vik.