|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Frikyrkje og FrelsesarméDen første kjende frikyrkjelyden i Sogn og Fjordane vart skipa i Vik av metodistpresten Sjur Ulness. Publisert 31.07.2002 15:38. Oppdatert 31.07.2002 15:39.Sjur heitte opphaveleg Ølnes og kom frå Sogndal, men hadde vore ein tur i Amerika, og skreiv difor om etternamnet til Ulness.
Då han vende tilbake til Noreg ca. 1890, bygde han først frikyrkje-huset "Sion" i Sogndal i 1893. Dette var det første "frikyrkjehuset" i fylket. I 1892 starta han bladet "Ildtungen", som i 1900 skifta namn til "Sandhed og frihed" og gjekk til 1916.
Ulness slo seg ned i Vik i 1893, der han bygde kyrkja "Ebenezer". Han gjekk seinare over til baptistane (nydøyparane), og hadde i 1910 35 medlemer i kyrkjelyden sin.
Ulness vart ein leiande mann innan frikyrkja i Noreg, og gav ut fleire kyrkjelydsblad. I Vik skapte den spesielle og karismatiske mannen mykje uro og strid i kristenlivet i den tida han budde i bygda. Det vekte m.a. åtgaum at dei praktiserte vaksendåp i sjøen ved naustrekkja på Vikøyri.
Då Ulness flytta til Oslo i 1913, leigde Frelsesarmeen huset deira i Vik og starta verksemd i bygda. Utanom Vik er det berre i Florø og Måløy at Frelsesarmeen har hatt faste lokale i Sogn og Fjordane. Frå Vik opererte dei fire soldatane frå Leikanger og vestover. I 1938 kjøpte Frelsesarmeen huset etter frikyrkja, og i 1963 flytta dei inn i "Frelsestempelet" på Vikøyri.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|