|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Fanatiske fråhaldsfolk i VikFråhaldsrørsla stod sterkt i Vik kring 1900. Frå 1885 og fram til 1948 er det registrert 19 fråhaldslag i kommunen - og dei fleste vart skipa i tida frå 1899 og fram til 1. verdskrig. Fleire av laga var "barnelosjar". Publisert 31.07.2002 15:57. Oppdatert 15.08.2002 16:22.LYD OG VIDEO
På Vangsnes vert det fortalt om fanatiske fråhaldsfolk som nekta folk å skjere nokre få lauvris i skogen deira når dei skulle bryggje øl. Då ein annan var i gjestebod der det vart servert konfekt med alkohol-smak, braut han konfektbiten av og la den demonstrativt frå seg urørd på tallerkenen!
I Vik Totalsafholdsforening, skipa 1885, vart det ført namnelister over medlemer "som tildels efter løse rykter ikke er å tro". Namna på desse vart førde i protokollen, og "alle disse skulde tales ved".
Fråhaldslaga i Ytre Sogn gjekk saman i eit krinslag i 1912. Krinslaget blanda seg sterkt opp i partinominasjonen til Venstre ved Stortings-vala, der dei kravde å få sine folk med på listene.
Domstol over "fråfalne"Fråhaldslosjen "Vikingskjold" vart skipa i Vik i 1911 etter optak frå Hans Grov. Denne losjen var like nidkjær i jakta på fråfalne som Vik Totalsafholdsforening. Ei eiga domsnemnd straffa dei som vart tekne. I 1911 vart det ført regelrett "rettssak" med vitne og det heile mot ein kar som hadde drukke litt akevitt og heimebrent. Vedkomande ungdom møtte ikkje til "rettssaka", men vart likevel dømd til utestenging frå losjen i fleire veker. Ein annan "syndar" vart i 1916 ekskludert for "gjentagne ganger aa ha vist sig beruset inde paa offentlig butik (Rivedals), saavelsom nede på damskipsbryggen". Losjen vart nedlagd i 1957.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|