Kraftverket hadde reguleringsmagasin i Muravatn og Levravatn på fjellet, og Vik Elektrisitetsverk, eigd av Vik Kraftlag, var i drift til 1958. Men for å dekkje toppane i straumforbruket, kjøpte kommunen eit dieselaggregat som på folkemunne vart kalla "Galehesten". Dette var i bruk frå 1920 til 1941.
Framfjorden tidleg ute
|
Kraftverket i Framfjorden leverte straum til gardane i bygda. (Foto: Asle Veien, NRK) |
I samband med gruvedrifta i Framfjorden (sjå:
Talkgruvene i Framfjorden) som starta i 1908, vart det bygd eit lite kraftverk i 1911. Dette leverte også straum til gardane i bygda, og var i drift til 1958.
I bygdene austafor Vik ; Vangsnes, Feios og Fresvik, fekk ikkje folk skikkeleg kraftforsyning før dei vart kopla til Sognekraft sine anlegg i
Vikfalli i 1958. I Feios hadde det rett nok vore eit par mindre kraftverk i drift sidan 1942/1952, men desse leverte berre til nokre få husstandar.
Sjå elles
Draum om storindustri i Arnafjord .
Vindmøllekraft på Vangsnes og i Feios
Vansgsnes hadde skipa kraftlag i 1945. Det gjekk inn i Vik kraftlag i 1956. Eit par utolmodige gardbrukarar på Vangsnes, John V. Vangsnes og Torald Vangsnes, ville ikkje vente til kraftlina frå Vik vart bygd. Dei ordna seg i nokre år med kraft frå små vindmøller.
Det same hende i Feios, der Per Selseng og postmann Offerdal dreiv kvart sitt villmølleverk. Dei lokale kraftlaga i Feios og Fresvik (skipa 1944) slo seg saman i 1955. Dei lokale kraftlaga i kommunen gjekk inn i Sognekraft i 1974.
Om den store utbygginga av Vikfalli - og om det som lenge var verdas lengste luftspenn.
Vassverk frå kraftverket
I samband med kraftutbygginga i
Vikfalli, vart det bygd nytt vassverk i Vik i 1969. Vatnet vart kjøpt frå Hove kraftstasjon. Fresvik fekk vassverk i 1952. Då var
Nils J. Vangsnes raskt ute og kjøpte nokre røyr som eigentleg var mynta på nytt vassverk på Systrond på nordsida. Men der drog det ut, og Fresvik fekk i staden nytte av dei ledige vassrøra.