SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Kraftutbygginga i Luster

Jostedal kraftverk ved Myklemyr. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Jostedal kraftverk ved Myklemyr. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Luster kommune er den største kraftprodusenten i fylket - ja - faktisk ein av dei største i heile landet. Men trass i dei enorme kraftressursane, finn vi også det største "kraft-paradokset" i Luster: Då Jostedal kommune fekk elektrisk straum i 1958, var det den siste kommunen i fylket som vart elektrifisert.

Publisert 01.08.2002 11:09. Oppdatert 19.11.2003 15:10.
Dei største fallrettane i Luster vart tidleg på 1900-talet kjøpt opp av framandfolk. Fallrettane skifte mange eigarar før ÅSV fekk hand om Fortun på 1950-talet og bygde ut eit av landets største kraftverk der. For Jostedals- og Leirdøla-vassdraga lengre vest skjedde det ikkje noko før Staten vart eigar av fallrettane og bygde ut på 1970- og 1980-talet.

Dei første kraftverka i Luster

Nokre av dei første kraftstasjonane i Sogn og Fjordane vart bygt i Luster.

Årøy-kraft og Sognekraft

Med få unntak, var dei ovanfornemnde kraftverka svært små. For å sikre nok kraft, gjekk både Luster og Hafslo kommunar på 1920-talet inn i den såkalla den Gaulasamskipnaden.

Luster Energiverk

I 1980 gjorde Luster formannskap opptaket til at dei lokale kraftlaga frå dei tre tidlegare kommuneeiningane skulle slå seg saman.

Fossekjøpar-tida i Luster

Feigum-vassdraget med den 218 meter høge Feigumfossen var det første vassdraget i Luster som vart kjøpt opp.

Industridraumar i Fortun

Konsul Harald Larsen la store planar for stålindustri i Høyanger, og då det ikkje gjekk, satsa han på Fortun, der han bygde ein liten kraftstasjon i 1919 og eit lite stålverk - L/L Sogns Elektrostaalverk.

Fortun-utbygginga

ÅSV (Årdal og Sunndal Verk) si regulering av Fortun/Grandfasta-vassdraga i Luster på 1950-talet var den største kraftutbygginga i Noreg til då.

Jostedals-utbygginga

Det lengste vassdraget i Sogn og Fjordane er Jostedalselvi. Her er det ei fallhøgde på langt over 1000 meter. Likevel skulle det gå over 70 år frå vassdraget første gong vart kjøpt opp og til det vart utbygt. Det er også eit stort paradoks at bygdene i den "vassrike" Jostedalen var dei siste i fylket som fekk elektrisk straum. Det skjedde først i 1958.
· Lokale folk var første fossekjøparar
· Jotunheimen - Breheimen-planen
· Leirdøla-utbygginga
· Store industriplanar i Gaupne
· Utbygging og vern i Jostedalen

Statkraft med regionadministrasjon i Gaupne

I 1994 vart Statkraft Region Midt-Norge skipa med hovudkontor i Gaupne.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no