Fresvik Skyttarlag
vart skipa i 1875.
Vik Skyttarlag
vart skipa i 1876. I sjølve Vik var det også eige skyttarlag i Bøadalen, Ovrisdalen og Seljedalen. - Sjå under "krigshistorie" -
Krigshistoria i Vik.
Vik Idrettslag
vart skipa i 1905.
Skiskyttarane i Vik
Vik idrettslag vart skipa i 1905. Ved sida av Stårheim Idrettslag (sjå:
Idrettslag og -anlegg i Eid), har Vik det sterkaste skiskyttarmiljøet i Sogn og Fjordane. Den første som markerte seg på nasjonalt plan var Berit Kolltveit då ho i 1992 tok sølv i junior-NM Meldal. Ho var også med på Sogn og Fjordane-laget som tok sølv på stafetten i same meisterskap. Seinare har Arna Kolltveit, Ann Kristin og Ingvild Flatland og Joar Tistel nådd nasjonalt nivå som juniorløparar - Joar Tistel også i triatlon. Tormod Urnes gjorde eit stort arbeid som trenar og leiar då skiskyttarmiljøet i Vik vaks fram på 1980-talet, og seinare har Johan Tistel, Halvor Flatland, Knut Mykkeltveit og Solveig og Oddvar Kolltveit gjort ein stor innsats.
Friidrett
Vik er også kjend som ei sterk friidrettsbygd. Einar Stokkebø er ein av dei fremste langdistanseløparane frå fylket med 5. plass i NM som beste prestasjon. Vik hadde også sterke staffettlag på 1970-talet, og har stilt både dame- og herrelag i elitegruppa under Holmenkollstafetten.
|
Ragnar Andersen, Vik, vinn Triangelløpet i Vik på slutten av 40-talet |
Vik Skifestival
vart første gong arrangert på Vikafjellet i slutten av mai 1990. Den gjekk då inn i arrangementet Sognefjord Livsstilsveke, som også dreiv løp i Vetti i Årdal, maraton i Balestrand, Aurlandsmarsjen og sykkelritt i Lærdal. "Livsstilsveka" vart arrangert til midt på 1990-talet. Etter den tid vart skirennet på Vikafjellet redusert i omfang, før det etter nokre år vart lagt ned.
Turisthytta på Målsete
på Vikafjellet vart bygd i 1936 av Vik Utferdslag. Dette var eit lokalt turlag som fekk hjelp med finansieringa frå Bergens Turistforening. Som motyting fekk bergensarane nytte hytta i lange bolkar. Målsete Turisthytte vart bygd med stor dugnadsinnsats frå vikjene. Den vart nytta som losji for den internasjonale arbeidsleiren som bygde
Vikafjellsvegen i 1948 og 1949. Hytta har seinare vorte nytta under kraftutbygging, av
Hopstock Hotell og av Vik Bygde- og Sjukeheim for ulike tilskipingar. I 2001 overtok Vik Turlag Målsete-hytta.
Idretts- og fotballaget Modig
i Fresvik vart skipa i 1918. Dei reiste i 1987 ein minnestein over løparkongen
Mensen Ernst.
Arnafjord Idrettslag
vart skipa i 1921.