Vangsnes
fekk det første ungdomslaget i Sogn i 1871.
Feios Ungdomslag
vart skipa 1886.
Nese Ungdomslag
i Arnafjorden vart skipa i 1895, og bygde ungdomshus på Nese i 1921. Det særmerkte, vesle ungdomshuset på Nese vart bygd i 1921.
Fresvik Ungdomslag
vart skipa i 1888 med lærar
Jakob Bøthun som første formann - eit verv han hadde i 30 år. Deretter tok lærar
Per H. Bøthun og styrde laget i 20 år. Laget bygde ungdomshus i 1907.
Vik Ungdomslag og Vikjahalli
Vik Ungdomslag vart skipa i 1898, og i 1911 kunne laget ta i bruk ungdomshuset Vikjahalli. Dette var på den tid eit av dei største forsamlingshusa i fylket, og hadde 700 sitjeplassar. Huset vart reist på dugnad, og med inntekter frå basarar og skodespelframsyningar som vart haldne i kommunehuset fram til Vikjahalli stod ferdig.
Huset er bygd etter teikningar av Erlend Tryti, Anders J. Sæbø gav fri grunn, og lensmann
Anfin Anfinson Øen leia byggjearbeidet.
Ungdomslaget har sett opp mange skodespel i ungdomshuset, og driv også kino i huset.
Sylvarnes Ungdomslag
vart skipa i 1902.
Skogly Ungdomslag
for bygdene Ligtvor-Limmesand vart skipa i 1926.