SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Brannen på Vikøyri 1838

Brannen på Vikøyri 1838 er ein av dei største brannar i Noreg i nyare tid. Brannen starta den 16. juni klokka fire om ettermiddagen i ein bakaromn på eigedomen til handelsmann Jens Boalth Wallentinsen. Huset låg der Hopstock Hotell i dag ligg, var på to høgder, og bakaromnen stod i eit tilbygg.

Publisert 01.08.2002 15:38. Oppdatert 19.09.2003 09:16.
Denne sommaren hadde det vore svært tørt, og brannatta bles det i tillegg sterk vestavind. Sjølv om både sivile og soldatar frå Vikamoen vart sette inn i sløkkinga, breidde elden seg med stor fart, og på fire timar var i alt 294 hus lagde i oske. Berre ei einaste stove på heile Vikøyri stod uskadd att.

Kaptein Christian Gahrup Meidell hadde denne sommaren eksersis for Leikangerkompaniet på Vikamoen. Han gav ordre til å rive hus for i rydde branngater, men det viste seg nyttelaust i den sterke vinden. Glødande gneistar fauk titals meter avgarde og sette fyr på knusktørre torvtak og veggar.

81 huslydar med 333 menneske vart huslause. I første hand måtte folk elles i bygda skaffe dei tak over hovudet. Ingen hus med unntak av handelseigedomen til Wallentinsen var branntrygda. Lova frå 1767 om trygdetvang og branntrygdelag (Norges Brandkasse) var berre gjort gjeldande for byane.
To dagar etter brannen kalla ordførar Christian Fredrik Fasting saman kommunestyret, som straks løyvde 100 spesidalar og gav eit lån på 1000 spesidalar frå kommunekassa for å hjelpe dei råka.
I tillegg vart det likna ut ein ekstraskatt på 60 skilling på kvar gardbrukar i kommunen.
Denne skatten vart samla inn av menn som gjekk frå hus til hus i bygda og samla inn pengar, mat og klede.
Både regjeringa, alle kommunar i fylket og Bergen by vart oppmoda om å hjelpe, og det kom inn mykje pengar.

(Ved storbrannen på Refvikgardane i Vågsøy i 1872, då 86 hus vart lagde i oske, vart det også skipa til landsinnsamling: Storbrannen i Refvik. Det same vart gjort til naudstilte i Florø etter at silda svikta i 1875: Kriseår og naudhjelp.)

Sjå den andre storbrannen i Vik:
· Brannen på Vikøyri i 1922


MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no