|
Hussetnad på Vikøyri i 1889. Teikning av Peter Andreas Blix. (Foto © Fylkesarkivet) |
Den 20. januar 1922 vart 39 hus på Vikøyri totalskadde av brann, og fleire bygningar fekk store brannskader. Ingen personar vart skadde i brannen. Brannen starta denne gongen i ei bud hos landhandlar Rivedal omlag klokka halv tre om natta. Sterk austavind gav elden god nøring.
Det gjekk med 10 vanlege bustadhus og 6 kombinerte butikk- og bustadhus, 15 større lagerhus og 8 små fjøsbygningar.
Folk prøvde å sløkkje ved å lempe spann med vatn frå sjøen og opp til brannen, og mindre hus vart rivne for å hindre brannen i å breie seg.
Fylkesbaatane sin rutebåt "Framnæs" vart kalla tilbake ute i fjorden for å hjelpe til, men den fekk ikkje ut brannslangane før i sekstida om morgonen. Ved sjutida var brannen under kontroll.
|
Vikøyri etter brannen. Foto: O. P. Fosse © Fylkesarkivet |
Etter denne brannen var Vikøyri skipa som eigen brannkommune, og brannkontrollen vart mykje skjerpa.
|
Hopstock Hotell vart så vidt berga frå flammane. Foto: Gjert Bonde. |
Då forretninga til P. P. Kvamme brann i 1955, frykta vikjene ein ny storbrann, men brannen vart avgrensa til det eine huset.