SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Vik:

Gulbrand Lunde

Gulbrand Lunde i samtale med fylkesmann Vidar Atne (t.h.) under eit stemne for Nasjonal Samling i Sogn i 1942. (Foto © Norsk Film/NRK)
Gulbrand Lunde i samtale med fylkesmann Vidar Atne (t.h.) under eit stemne for Nasjonal Samling i Sogn i 1942. (Foto © Norsk Film/NRK)
Gulbrand Oscar Johan Lunde (1901-1942) fødd i Bergen, gravlagd i Vik. Kjemikar og NS-statsråd under 2. verdskrig.

Publisert 05.08.2002 11:14. Oppdatert 23.01.2007 14:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Tilknytinga til Vik hadde Lunde frå ei offisersslekt som heldt til på "Tillisch-garden" på Vange i Vik.

Lunde studerte kjemi i Tyskland frå 1920 og vart styrar for Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger. Han vart medlem av Nasjonal Samling og var ein av Vidkun Quisling sine næraste medarbeidarar. Quisling utnemnde han til minister i april-dagane 1940, og i september same året vart han utnemnd til kommisarisk statsråd og sjef for "Departementet for opplysning og propaganda".

Lunde omkom saman med kona i ei drukningsulukke i Våge i Romsdal i oktober 1942. Dei var på veg tilbake til Oslo etter eit NS-møte i Ålesund, då bilen deira fall mellom ferjelemmen og ferga. Lunde fekk "statsgravferd" i Oslo domkyrkje med alle nazitoppane til stades, før han med full nazihonnør vart gravlagd ved Hopperstad stavkyrkje i Vik saman med kona.

Eit minnesmerke som vart reist i Romsdal av nazistane, vart sprengt i filler av norske motstandsfolk like etter krigen.

(Sjå også Sverre Riisnæs.)

Gulbrand Lunde talar under eit NS-stemne i Vik i 1942. (Foto © Norsk Film/NRK)

Film frå gravferda

Vidkun Quisling har lagt ned krans frå Adolf Hitler og helsar kistene til ekteparet Lunde. (Foto: NRK/Norsk Film)
Lenger oppe på sida er det peikar til filmen frå gravferda til Gulbrand Lunde og kona. Filmen er utan lyd. Første del er frå Trefoldighetskyrkja i Oslo. Vi ser Nasjonal Samling (NS) sin førar og ministerpresident Vidkun Quisling, reichskommisar Josef Terboven, SS- og Gestaposjef i Norge; Wilhelm Rediess og fleire andre offiserar på veg til kyrkja. På første benk til venstre sit Quisling og Marie Quisling, mora til Lunde og dei to borna hans. På tredje benk til venstre sit innanriksminister Albert Vilhelm Hagelin og andre ministrar.
Hirdmenn er æresvakt, og kyrkje- og undervisningsminister Ragnar Skancke og partiminister Rolf Jørgen Fuglesang er marskalkar. Terboven legg ned krans frå Adolf Hitler, deretter Quisling.
Kistene og hirden på Flåm stasjon. "Stavenes" stemnar ut fjorden. Inga Lunde (mor til avdøde), og borna går i land i Vik. Sokneprest Christian Fr. Hansteen forrettar ved Hopperstad stavkyrkje. Justisminister Sverre Riisnæs og fylkesførar for Vestlandet; Christian Astrup m.fl. legg ned kransar.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no