Christoffer Giertsen (ca. 1619-1679) frå Bergen, busett på Flahamar. Fut i Sogn, og stor jordeigar.
Han stamma truleg frå den tyske ætta Morgenstierne frå Schlesien, for han nytta også "Morgenstierne" som familienamn.
Flytta til Flahamar
Giertsen budde i Sogndal på:
Storgarden på Kvåle. Der vart han gift med ei kvinne frå Heiberg-ætta. Men då han vart enkjemann i 1653, kjøpte han garden Flahamar i Luster og flytta dit. No gifta han seg andre gongen med Bergitte Ludviksdotter Munthe (f. 1634). Etterkomarane deira både i Sogn og Sunnfjord kalla seg sidan Munthe.
På 1660-talet fekk Giertsen hand om store jordeigdeomar då han kjøpte det meste av Apostelgodset sine eigedomar i indre Sogn.
Futen hadde også kapteins grad i militæret. I 1659 vart Giertsen saman med ein løytnant innblanda i eit blodig opprør under innskrivinga av soldatar i Solvorn. Mange av hovudmennene i opprøret fekk harde straffer.
I 1664 kjøpte enkja Bergitte Munthe heile Jostedalen.
Sønene vart prestar
Fleire av sønene til futen Christoffer Giertsen Morgenstierne og kona Bergitte Munthe vart prestar som var flinke til å skaffe seg jordegods der dei kom. I ei teljing frå 1665 eigde Giertsen 109 kyr, 71 småfe, 6 hestar og 2 svin.
Vi finn Munthe-ætta som rikfolk og store jordeigarar m.a. i Ytre og Indre Hafslo, i Kroken, i Årøy i Sogndal kommune og i Hellevik ved Dalsfjorden.
Far til
Ludvig Christophersøn Munthe i Vik.