|
Hjørne i musikkrommet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Hotellet er teikna av den kjende arkitekten og "kyrkjereddaren"
Peter Andreas Blix som slo seg ned i Vik. Det er bygt i sveitsarstil og m.a. utstyrt med eit staseleg verandabygg i det eine hjørnet, pryda med eit kjegleforma takspir, slik Blix også hadde nytta i andre bygg han hadde teikna - m.a. den gamle brannstasjonen i Bergen.
|
Mikkel Mundal. (Foto © Fylkesarkivet) |
Mikkel Mundal dreiv breføring
Før Hotell Mundal vart bygt, var det mange turistar som tok losji hos
Mikkel Mundal som dreiv forretning ved kaia i Mundal, og i tillegg var første breførar i bygda. På hotellet kan ein framleis lese i den gamle gjesteboka "Stationsbog for Mundals Gjestgjiveri" kven som vitja Fjærland på denne tida.
Fleire utvidingar
Hotellet vart i 1938 overteke av Olaus Dahle sin son Sigurd Dahle og utvida fleire gonger i mellomkrigstida til i alt 100 senger. I 1957 døydde Sigurd, og hotellet vart overteke av dottera Borghild Dahle Orheim.
|
Olaus Dahle, Sigurd Dahle og Borghild Dahle Orheim. Dei to siste måleria er laga av Hans Gjesme. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
|
Marit Orheim Mauritsen. (© NRK) |
I 1982 overtok dottera
Marit Orheim Mauritzen eigedomen, og har sidan drive hotellet i samarbeid med syskena Olav Orheim, Alf Orheim og deira familiar. Professor Olav Orheim er den kjende bre- og polarforskaren som m.a. har leia fleire ekspedisjonar i Antarktis, og er leiar av Norsk Polarinstitutt i Tromsø.
Syskena Marit og Olav var initiativtakarane til å få bygt
Norsk Bremuseum i Fjærland.
|
I samband med Verdsutstillinga fekk Sogns Turistforening laga dette kartet som no heng i hotellet. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Trass i fleire tilbygg, er hovudfasaden mot fjorden med det kjende hjørnetårnet teke vare på, og innreiing og møblar i salongane er dei same som for 100 år sidan. Slik står hotellet i dag fram som eit levande museum.
|
Ein del av spisesalen. (Foto: Arild Nybø, NRK) |