Etter meieriskule i Stavanger 1900, busette ho seg i Oslo. Der arbeidde ho på fleire meieri før ho saman med Pernille Holmen frå Hedmark starta "Synnøve Finden Ostefabrikk" i 1928. Synnøve styrde produksjonen, Pernille og dottera hennar, Evy, administerte.
|
Bilen til firmaet Synnøve Finden starta i Oslo. |
Synnøve Finden utvikla eigne smelteostar og tok patent på fleire av ostetypane. Osten vart omsett på Austlandet, og i 1937 hadde firmaet seks varebilar i sving med utkøyring.
Stogga under krigen
Råstoffmangel gjorde at verksemda stod stille under 2. verdskrig, og kring 25 tilsette vart arbeidslause. Etter krigen engasjerte Synnøve Finden m.a. folk frå heimbygda då ho starta fabrikken att. Bygdeungdom som fekk arbeid på fabrikken, fekk husrom i eit hybelhus som ho bygde på Kjelsås like ved der ho sjølv budde.
Etter nokre år selde dei to grunnleggjarane Synnøve Finden og Pernille Holmen verksemda. Dei to gav store summar til misjonsarbeid heime og i utlandet. Synnøve Finden testamenterte alt ho åtte til Pernille Holmen sine etterkomarar.
Nest størst i Noreg
I 1987 kjøpte Dag Swanstrøm ostefabrikken "Synnøve Finden AS". Sidan har selskapet utvikla seg til den største produsenten av mjølkeprodukt i Noreg nest etter Tine Meierier.
|
Eitt av produkta til Synnøve Finden |