Vestlandsrevyen er fjernsynssendinga vår, som vi lagar saman med NRK Hordaland. Vi står for innslaga frå Sogn og Fjordane, og ynskjer du kontakt med redaksjonen i Vestlandsrevyen ringjer du oss. Elles er det NRK Sogn og Fjordane sitt ansvar å dekke Sogn og Fjordane for NRK på riksnettet i radio og fjernsyn. Du kan høyre/sjå Fylkesnytt/Vestlandsrevyen på Internett, og lese lokale nyhende på Internett og tekst-tv side 182.
Vi ynskjer tips
Skal vi lukkast med å dekke Sogn og Fjordane godt både lokalt og på riksnettet treng vi tips om godt og gale som skjer i fylket vårt. På tlf.nr. 57 72 42 42 er det folk på jobb frå 0500-2200 kvar yrkedag, og frå 0700-1430 laurdag og frå 1530-2230 søndag.
Skjer det noko utanom denne arbeidstida må du ringe anten distriktsredaktøren, redaksjonssjefen eller vaktsjefane:
Distriktsredaktør: Kai Aage Pedersen mobiltlf. 970 55 202
· E-post:
kai.aage.pedersen@nrk.no
Redaksjonssjef: Rolf Sanne-Gundersen mobiltlf. 970 55 208
· E-post:
rolf.sanne.gundersen@nrk.no
Vaktsjef: Linda Olin Reite mobiltlf. 975 00 907
· E-post:
linda.olin.reite@nrk.no
Vaktsjef: Olga Wergeland mobiltlf. 970 55 207
· E-post:
olga.wergeland@nrk.no
Vaktsjef: Roy Raasholm Fauske mobiltlf. 970 55 206
· E-post:
roy.raasholm.fauske@nrk.no
Ledige stillingar
Distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane
· Søknadsfrist 23. april 2004
4 nynorskpraktikantar til Nynorsk mediesenter
· Søknadsfrist 20. mai 2004
Ris og ros
Dersom du er misnøgd (eller nøgd ) med noko vi har sendt kan du ringe ein av dei ovanfor nemnde leiarane i NRK Sogn og Fjordane, eller du kan kontakte det folkevalde distriktsprogramrådet som skal vere "folkets røyst" overfor oss, og gje både ros og ris til sendingane våre.
Distriktsprogramrådet
er valt av fylkestinget for fire år, og brukar å ha 3-4 møter i året. Det noverande distriktsprogramrådet er samansett slik :
Per Rune Vereide (Sp), Gloppen - Leiar
Dagmar Færøy Oden (Ap), Solund - Nestleiar
Trude Brosvik (KrF), Gulen
Oddveig Birkeland (H), Førde
Bernt Kr. Holtan (V), Gloppen
Varamedlemmer er: May Britt Martinsen, Ivar Svendsøy, Tryggve Lillestøl, Arne Mjømen, Jan Taule.
Send e-post til Distriktsprogramrådet
Pressens faglege utval
Pressens faglege utval (PFU) er rette instans om du meiner NRK Sogn og Fjordane har brote god presseskikk, og du ikkje når fram med å klage til oss. Vi er pliktige til å kunngjere dei fråsegner PFU kjem med.
PFU er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund, med medlemmer frå både presseorganisasjonane og ålmenta. Det behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål, og "presse" er her definert som både trykt presse, radio, fjernsyn og internett.
Pressens faglege utval har telefonnr. 22 40 50 40.
Faks 22 40 50 55.
E-postadresse: pfu@np-nr.no
Adr:Rådhusgt.17. Postboks 46, Sentrum, 0101 Oslo
Historia vår
NRK Sogn og Fjordane har eksistert sidan 2. oktober 1979. Då fekk Sogn og Fjordane eige distriktskontor, men NRK hadde underkontor i Førde frå 1975. Før den tid var Sogn og Fjordane eit delt lydrike mellom NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal.
I 1981 fekk vi eige lokalkontor for Sogn på Hermansverk, og i 1991 for Nordfjord på Nordfjordeid. Lokalkontoret i Sogn vart flytta til Sogndal i 2000. I 1991 kom Vestlandsrevyen på lufta med fjernsynsnyhende frå Sogn og Fjordane og Hordaland, den fyrste distriktsfjernsynssendinga i landet.