Han slekta frå den steinrike prosten
Peder Jørgenson Finde i Førde. Ved giftarmål med Anne Dorthea Daae, som ætta frå den rike prost
Anders Daae i Vik, fekk Finde hand om enorme eigedomar og rikdomar i Sunnfjord og Sogn.
Då ekteparet døydde i 1771, viste buet at dei eigde 75 gardar i Sunnfjord og 19 gardar i Sogn. På hovudgarden i Hellevik fødde dei m.a. 18 mjølkekyr, 18 ungfe og 8 hestar. Der hadde dei også ei jakt, ein vengebåt for finare persontransport, og hadde elles 6 andre føringsbåtar og færingar.
Det rike ekteparet eigde også Holmedalskyrkja, der dei sat opphøgde over resten av kyrkjelyden i eit eige "bur" oppe på veggen når dei gjekk til kyrkje. Ved Holmedalskyrkja fekk dei også alle tiendeinntektene som høyrde med.
Dei hadde i tillegg kontroll over store delar av tiende-inntektene frå
Hopperstad stavkyrkje i Vik og frå kyrkjene i Dale og Fortun i Luster.
Hellevik var eigd av Peder Finde, sonen til Hendrich og Anne Dorthea, fram til 1802, då ein mann frå Ålhus i Jølster tok over bruket.
Under Hellevik-garden låg også garden Surdal, der ein midt på 1700-talet oppdaga jern- eller koparmalm og starta gruvedrift. Sjå:
Gruvene ved Sørdalsvatnet.