SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Askvoll:

Vegar i Askvoll

Bru over Olssundet i Askvoll sto ferdig i 2003. (Foto © Kjell Eikemo)
Bru over Olssundet i Askvoll sto ferdig i 2003. (Foto © Kjell Eikemo)

Publisert 29.08.2002 11:13. Oppdatert 29.01.2007 08:56.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Veg over Straumen og Askvika

Eitt av dei største våtmarksområda i Noreg var lenge eit kommunikasjonsmessig hinder i Askvoll.

Vegane på Atløy

Heilt fram til etterkrigstida var vegnettet på Atløy prega av korte vegstubbar i dei einskilde grendene.

Leknes fekk veg til Kvammen. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Vegen Kvammen-Gjelsvik-Hegrenes

ved Førdefjorden vart bygt i 1910. Litt seinare vart det bygt veg frå Kvammen til Leknes vestanfor og til Løvik på austsida av Kvammen - "halvøya".

Veg frå Straumen

til kaia på Olset vart bygt i 1921, og same året vart sentralskulen for Askvoll like ved Straumen teken i bruk (sjå: Skular i Askvoll).

Vegen Gjelsvik-Selvik

vart opna i 1925.

Veg Grimelid-Stubseid

vart opna i 1926.

Vegen Askvoll-Stongfjorden

Vegen frå kommunesenteret Askvoll til Stongfjorden vart opna i 1946 då vegen gjennom det bratte Stigaberget ved Eidsfjorden var gjennombroten. Før krigen var vegen ferdig frå Stongfjorden og vestover til Frøholm. På vegstrekninga langs Eidasfjorden ligg Stigabergtunnelen (47 meter) og Lynghogtunnelen (17 meter).

Vegen Askvoll-Eimind-Follevåg

vart opna i 1960.

Veg Stubseid-Stavenes

vart bygt kring 1965.

Vegen Stongfjord-Vågane-Flokenes-Selvik

vart opna kring 1967, og dermed vart det vegsamband mellom Stongfjorden og eit gamalt nett av bygdevegar som fanst i Kvammen-Gjelsvik-området. Seinare gjekk denne vegen inn i riksvegsambandet som vart kalla "Folkelånsvegen", som gav Askvoll-halvøya vegutløysing til Førde langs Førdefjorden.
På vegstrekninga ligg Håkleivtunnelen (140 meter) og Skorvetunnelen (484 meter).

Vegen Stavestrand-Vågane

vart opna i 1968.

Kampen om Dalsfjordsambandet

Dalsfjordbrua er planlagt å krysse Dalsfjorden like aust for Dale sentrum ved Nishammaren. Veg vart i 1975-1979 delvis bygt mot brufestet på nordsida, men prosjektet vart stoppa m.a. fordi Norddalsfjordbrua på riksvegen Svelgen-Florø vart prioritert før Dalsfjordsambandet. Sidan har den halvferdige vegen vorte kalla ”Skandalevegen”.

Bru over Førdefjorden

over det 290 meter breie Ålesundet dukka opp første gong i Norsk Vegplan i 1970. Då var det tale om at brua kunne stå ferdig 1978. Seinare var brua med i kampen om "kyststamvegen" som line for den vestlandske hovudvegen på 1990-talet. "Kystfolket" tapte kampen mot den lina som no fylgjer E39.

Folkelånsvegen. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2002)





Folkelånsvegen

Ferdig 1979, knyter Askvollhalvøya til Førde via Stongfjorden, Flokenes og Kvammen. Vegen vart delvis finansiert ved eit ”folkeaksjeselskap”.






Veg Værlandet-Bulandet

Veganlegget vart opna i desember 2003 og omfattar totalt 6,5 kilometer veg med seks bruer og kosta 190 millionar kroner.
Fylkesordførar Nils R. Sandal og regionvegsjef Ole Chr. Torpp opna vegsambandet på Værlandet-Bulandet. (Foto: Steinar Lote, NRK)



MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no