2. VERDSKRIG:
Bygdefolket vart tvangsflytta då den tyske okkupasjonsmakta bygde to av dei sterkaste kystforta i Sogn og Fjordane på Lammetun ved Lutelandet og på Fure ved innløpet til Dalsfjorden. Men tyskarane hadde ei tid planar om deportasjon av eit langt større omfang enn tvangsflyttinga kring dei nye kanonfestningane.
Dale er truleg den bygda i fylket der det rømde flest ungdomar til Shetland. Les også om pensjonisten som gjekk inn i Shtelands-gjengen og vart krigshelt.
Kystfortet på Lammetun vart bygt frå oktober 1941, og skulle saman med Fure-fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Bufjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden.
Fortet på Fureneset vart bygt i 1942. Minesperringa kring Furefortet var den største i heile fylket.
I februar 1943 kom motorbåten "Brenning" med brørne Arthur og Hjalmar Brendsdal sporlaust bort. "Brenning" vert sist sett på veg nordover ved Askvoll. Ombord har Brendsdals-brørne ein deserterande tysk soldat og ei kvinne frå Korssund som passasjerar.
I 1976 finn ein vraket av "Brenning" søkkt i Førdefjorden, og dei to "passasjerane" vert oppdaga i Sverige.
Bombinga av "Havda"
I desember 1944 vart gods- og passasjerskipet "Havda" frå Steinkjer bomba i senk av allierte fly ved Lutelandet i leia sørvest for Korssund. Skipet vart råka av 30 rakettar. Minst åtte personar omkom. Astrid Onarheim frå Måløy var mellom dei som omkom. 35 personar overlevde og kom seg i land på Vesle Brattholmen. Men 14 var såra, og vart seinare frakta til Korssund og Askvoll.
Lasteskip sett på grunn
Vinteren 1943: Det tyske lasteskipet "Jessica" vart sett på grunn på Einingsneset med store lekkasjar etter eit åtak. Kvar åtaket har skjedd, er ukjent. Tyskarane på Lammetun-fortet heldt vakt over havaristen.
AT-leir i Hellevik
Sommaren og hausten 1941 var det i ein kort periode ein AT-leir for norske gutar i Hellevik. Norsk ungdom vart tvanginnkalla til Arbeidstteneste (AT) under 2. verdskrig, og leiren i Hellevik talde kring 12 gutar som kom frå Fjaler, Hyllestad og Florø. Oppgåva var å hogge skog på gardane Holt og Lone.