SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Askvoll:

Kaperskip i Bulandet

Bulandet fekk uventa besøk på 1700-talet. (Foto: NRK)
Bulandet fekk uventa besøk på 1700-talet. (Foto: NRK)
I 1710 vart den hollandske skuta "Jomfru Sara" kapra av franske sjørøvarar då ho var på veg heim frå Arkangelsk i Russland med last. Det franske krigsskipet tok dei fleste av hollendarane til fange. Men to hollendarar vart att ombord saman med eit prisemannskap, som skulle sigle "Jomfru Sara" til Frankrike.

Publisert 30.08.2002 11:48. Oppdatert 14.01.2004 11:52.
FAKTA: Prisemannskap
  • Prise = kverrsett farty (med last) som ein krigførande stat har rett til å føre i land og eigne til seg.
  • Prisemannskap = mannskap som skal føre prise i land.
  • Utanfor Bulandet kom "Jomfru Sara" opp i storm og havsnaud, og alle ombord gjekk i livbåtane. Dei berga seg inn til Bulandet veslejulaftan 1710. Skipet vart liggjande og drive i havet.

    Då sjøen stilna, reiste tre båtar ut frå Bulandet, entra "Jomfru Sara" og lasta robåtane til ripa med varer. I dagane som fylgde vart skuta taua inn til Bulandet. Folk strøymde til for å forsyne seg av rikdomen. Ein sundag var det så folketomt i Vilnes-kyrkja at presten måtte kunngjere messefall "Formedelst et strandet skip udi Bue".

    Også futen på Svanøy var med og forsynte seg av varer frå det hollandske skipet, som seinare vart ført tilbake til dei rette eigarane i Nederland. Men då var skuta grundig ribba!

    Nytt kaperskip

    I 1781 la eit fransk kaperskip frå Dunkerque seg for anker i Bulandet. Kapteinen reiste til Bergen i eit ærend, medan mannskapet stelte til mykje vald og spetakkel i Bulandet.
    Mellom anna hadde dei truga gjestgjevaren i Bulandet, Per Abrahamsson, med kniv dersom han ikkje skjenkte gratis øl og brennevin. Hos Knut Nikøy hadde dei skote tre sauer, og hos Olav i Gjelsa hadde dei skamskote ei ku med blyhagl.
    Same kaperskipet herja også hardt på Husøy i Solund året etter - sjå: Franske sjørøvarar på Husøy.

    MEIR OM ASKVOLL 
    Askvoll kommune

     
    Aviser og media i Askvoll
    Historia i Askvoll
    Industri og næring i Askvoll
    Kjende personar i Askvoll:
    Kommunehistoria i Askvoll
    Krigshistoria i Askvoll
    Kyrkjer i Askvoll
    Samferdsle i Askvoll
    Skular i Askvoll
    Verd å sjå i Askvoll

     
    Lyd frå Askvoll
    Video frå Askvoll
    SE OGSÅ
    Siste saker:

    Finn fram i Fylkesleksikonet!
    Vel ein kommune:
    Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    SØK I LEKSIKONET
    Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
    ABCDEFGHIJKLMNO
    PQRSTUVWXYZÆØÅ
    Informasjon
     
    SØK I FYLKESLEKSIKONET
    Informasjon
    ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

    Harald Hårfagre var sogning

    Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

    Slaget i Sildagapet i 1810

    Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

    Då fiskedampskipa stakk til havs

    Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

    Nydyrkingskommunen Jølster

    Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

    Ei mellomalderkyrkje langt til havs

    I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

    Sjalu tenestejente drap gardkona

    Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

    Få nazistar i Sogn og Fjordane

    Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

    Den heimekjære amtmannen

    I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
    Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no